Vassdragsregulering

Suldal er ein av dei store kraftkommunane i landet. Utbyggingane starta på 1960-talet då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Totalt produserer desse utbyggingane nær 8 TWh, noko som svarar til omlag 7 % av total produksjon i landet. Prosjekta har ført til store inngrep.
 
I dag blomstar kraftutbygginga i kommunen på nytt, no først og fremst i samband med små kraftverk. Topografien og nedbørsmengda gir mange elvar og bekkar egna til dette. 

Sist endra 01.01.2016

Oddatjerndammen ved Blåsjø - Klikk for stort bileteOddatjerndammen ved Blåsjø Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Store og små kraftutbyggingar


Røldal-Suldal
Kraftverkutbygginga Røldal-Suldal blei ferdigstilt i 1963-68. Nedbørsfeltet, som er på 825 km2, ligg frå sørlege Hardangervidda til Øvre Suldal. Kraftverka består av sju kraftstasjonar. Tre av desse, Kvanndal, Suldal 1 og Suldal 2 ligg i Suldal kommune. Suldal I utnyttar fallet mellom Røldalsvatnet og Suldalsvatnet, mens Suldal II utnyttar fallet mellom Kvanndalsfoss og Suldalsvatnet. Det ingen pålegg om minstevassføring i elvene tilknytt kraftverka.
 
Ulla-Førre
Ulla-Førre blei ferdigstilt i 1976- 88. Det utnyttar vasskrafta i vassdraga Ulladalsåna, Førreåna, Suldalsvassdraget og mange mindre elvar og bekkar. Nedbørsfeltet er på 875 km2 i Suldal, Hjelmeland og ein mindre del i Bykle kommune. Heile 86% av nedbørsfeltet i Ulla-Førre høyrer ikkje naturleg til i Suldalsvassdraget der kraftverka ligg.
 
I 1000-1100 meters høgde er ei rekkje vatn regulert til Noregs største kunstige innsjø, Blåsjø. Magasinet som ligg 1055 moh kan regulerast ned til 930 moh og utgjer med dette eit "kraftstabbur" med eit energipotensiale på heile 7,8 TWh. Rundt Blåsjø finn ein fleire av Noregs største dammar.
 
Det meste av vasskrafta blir utnytta i tre trinn gjennom Saurdal pumpekraftstasjon, Kvilldal- og Hylen kraftstasjon. Kvilldal kraftverk er med ein installert effekt på 1240 MW Noregs største kraftverk.
 
Eit forgreina tunnelsystem fangar opp vatn frå 39 bekke- og elveinntak på ca 600 moh. I to felt som ligg under 600 meter blir vatnet pumpa opp ved hjelp av to pumpestasjonar. Det eine av desse, Hjorteland pumpestasjon, ligg  i Suldal. Stasjonen pumper vatn frå Mosvatnet til Sandsavatn.
 
I to av elvestrekningane som er fraført vatn er det pålagt minstevassføring, i Kvilldalsåna og Suldalslågen.
 

Hamrabø kraftverk - Klikk for stort bileteHamrabø kraftverk Jarle Lunde/SuldalFoto.no Små kraftverk
Sidan midten av 90-talet har det blitt bygd ut mange mikro-, mini- og småkraftverk i kommunen. Ein analyse visar at potensiale for nye prosjekt er stort. Fleire nye kraftverk er under planlegging. Meir om dette i eigen artikkel.

 

Saudaprosjektet

I 2003 fikk Elkem Saudefaldene konsesjon for ei utviding av eksisterande kraftutbygging i Saudafjella. To av vassdraga som overførast til Sauda ligg i Suldal, Lingvong og Tengesdalsvassdraget. Lingvongselva vil bli overført via ei sjakt nedstrøms Grimsvatn (560 moh). Inntaket for Tengesdalselva er plassert i Risvatnet. For å leia vatnet frå Ytravatnet/ Stølsvatnet til Risvatnet, er det naudsynt å byggja ein sperredam ved samløpet for elvane frå desse vatna.

I begge vassdraga er det pålegg om minstevassføring. Frå sperredammen i Tengesdalselva skal det slippast ei vassmengde på 100 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. I Lingvangselva skal det slippast 450 l/s i perioden 1. mai-30. september og 190 l/s resten av året. I tillegg til konsekvensane for desse vassdraga vil inntak av Slettedalselvi i Odda gjera at restvassføringa i Brattlandsdalsåna vert mindre.
 
Utbygging av Lingvong- og Tengesdalsvassdraget var svært omstridd. 

 

Kraftutbygging endrar landskap og livsmiljø


Alle inngrep i form av fysisk eller kjemisk påverknad i vatn og vassdrag kan føre til tap av biologisk mangfald og bruksverdi.
 
I Suldal er det kraftutbygging som er årsaka til dei største inngrepa. Tørre elveleie, nedtappa vatn, dammar, tunnelpåhugg, kraftstasjonar, anleggsvegar og kraftliner er vanleg. Endringa av dei kjemiske og fysiske forholda grunna reguleringa endrar plante- og dyrelivet både direkte og indirekte. Rørlegging, demningar og liknande hindrar gyte- eller næringsvandring til fisk. Dei vanlegaste skadane er likevel dyre- og plantedød etter uttørking av elveleiet eller strandsona. Dette er til dømes årsaka til at Roaldkvamsåna og Brattlandalsåna ikkje lenger er gyte og oppvekstområde for laks.

Roaldkvamsåno - Klikk for stort bileteRoaldkvamsåno Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Kraftregulering gir gjerne og endring i vasstemperatur  og vasskjemi, noko som igjen kan endra livsmiljøet. T.d. er det meste av vatnet som vert overført Suldalsvassdraget frå Ulla-Førre ikkje ein naturleg del av nedbørsfeltet. Hylsfjorden er tilført store mengder ferskvatn,  Jøsenfjorden har fått mindre.

Reinen er eit av dyra som har vorte skadelidande p.g.a. kraftutbygginga i heia. Leveområdet har minska sterkt, gamle trekkvegar er øydelagde og beiteområde er neddemd.
 
Gjennom vassdragsregulering forsvinn viktige vassdragselement som t.d. fossar og stryk. I staden kjem eit nytt landskapsbilete med tekniske inngrep. Inngrep kan påverke kulturminner og kulturlandskap. Når landskapet blir endra vert og opplevinga for friluftsliv og turisme ofte forringa. Samstundes har anleggsvegar opp i fjellet opna for turisme og meir bruk av heia, t.d. skianlegget, leirskulen og hyttebygginga rundt Gullingen.
 
Kraftutbygging har gjort inngrep i tidlegare urørte område og er klart den viktigaste årsaka til bortfall av innrepsfri natur.
 
Støy kan vera eit problem frå nye, små kraftverk, spesielt om dei ligg nær opptil større vassflater.

 

Økt energiforbruk
Dei største inngrepa i vassdragsnaturen kjem i dag frå energiproduksjon. Bakgrunnen for denne utviklinga er samfunnet sin stadig aukande etterspørsel etter energi.

I landbruket har det blitt stadig vanskelegare å få eit stort nok inntektsgrunnlag frå jord- og skogbruk aleine. Mange har sidan midten på 1990-talet satsa på energiproduksjon frå små kraftverk. Bygging av små kraftverk har ikkje vore grunna i storsamfunnet sine behov, men grunneigaren sin trong for nytenking for å skapa inntekt på garden.
 
I lys av luftforureining og klimaendringar er vasskraft i dag sett på som miljøvennleg energiform samanlikna med kolkraft.

 

Reduksjon av skadeverknader
Først i  1970-åra fikk dei negative verknadane frå vasskraftutbygginga større merksemd. Planlegging, diskusjon og utbygging av Ulla-Førre, Saudaprosjektet og små kraftverk, var (og er) difor annleis enn for Røldal-Suldal.

Stor kraftutbygging vil nødvendigvis føre med seg negative miljøendringar. Normalt vil det være slik at jo større kraftproduksjon, jo større vil inngrepa vere.
 
For å redusere dei negative verknader for kraftutbygging er det tre moglege vegar å gå:
 
1. Nei til utbygging.
 
2. Ja til utbygging, men reduksjon i prosjektet sitt omfang.
I Saudaprosjektet var Hamrabøvassdraget planlagt overført til Sauda saman med Lingvong- og Tengesdalsvassdraget. Hamrabøvassdraget blei verna mot større kraftprosjekt og overføringa blei redusert. Også Ulla-Førre blei noko redusert.
Fleire av dei større små kraftverka er redusert i omfang i løpet av høyringsprosess og i høve til opprinnelege planar.
 
3. Ja til utbygging, men med krav om avbøtande tiltak.
Avbøtande tiltak kan vere minstevassføring, fiskeutsetjing, habitatforbetring, landskapspleie, tilrettelegging for friluftsliv med meir. Dei permanente anlegga blir gitt ein god utforming tilpassa terrenget. I Ulla-Førre prosjektet er det t.d. massetak og steintippar planert og tilsådd. Det er innført restriksjon i disponeringa av enkelte magasin (Sandsavatn og Mosvatn) og tiltak for å forbetre dei biologiske forholda i fleire elvar. Viktigast her er manøvreringsreglementet for Suldalslågen som sikrar den berømte laksestamma ei minstevassføring, og dermed reduserer skadeverknaden. Krav til minstevassføring blei og stilt ved utbygging av Lingvong- og Tengesdalsvassdraget.

Det blir lagt aukande vekt på utforming av demningar, kraftverksbygg og reduksjon av støy frå dei små kraftverka.
 

 

 

 

Fann du det du leita etter?