Kvanndalen landskapsvernområde

Tekst: Alf Odden

Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde meir enn dalen som har gjeve namn til området. Her finn vi også Rogalands tre høgaste fjelltoppar, ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og reinsdyrfangst.
Landskapsvernområdet er omlag 84 km2 og blei verna i 1997.

I denne artikkelserien ser me nærare på dette spennande verneområde nord i Suldal kommune.

Sist endra 19.09.2015


Ein liten film om Kvanndalen landskapsvernområde. Av Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Dalen, heia og nutan


Sjølve Kvanndalen er ein relativt slak dal som strekk seg i nordaustlig retning frå Kvanndalsdammen (630 moh) og 10 km inn til Bakkaleger. Her inne stig dalbotn brått frå 800 moh til 1000 moh før den flatar ut på 1100 moh ved vasskilet mot Ståvassdalen. Kvanndalen er ein såkalla hengande dal i høve til hovuddalføret i Suldal. For mens den store isbreen nede i hovuddalføret klarte å grave seg svært djupt ned, hadde den mindre breen i Kvanndalen ikkje kome så langt da den smelta bort for om lag 10.000 år sida. Sidan den gong har Roaldkvamsåna grove ut eit mektig tilpassingsgjel for å utjamne høgdeforskjellen.

Vest for Kvanndalen går grensa for verneområdet oppe på nutane frå Melen (1574 moh) til Trollaskeinuten (1622 moh) og Ikastenuten (1607 moh). Mot nord går grensa over dei to høgste toppane i Rogaland, Kistenuten (1644 moh) og Vassdalsegga (1658 moh) før austgrensa går sørover til Fidjanuten (1504 moh) og Endanuten og vidare sør mot Sandvatnet. Sørgrensa går over Havrevassnibba til Kvanndalsdammen og opp att til Melen. Mot vest er det bratt opp frå dalbotnen til nutane der grensa går, men på austsida finn ein også litt lågareliggande heieområde ved Lisledalsfleene og rundt dei store vatna Isvatnet (1301 moh) og Litlavatnet (1101 moh).

 

Temakart over Kvanndalen


Kartet viser verneområde. Du kan dra og zoome i kartet.  Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  

 

Utsyn over Litledalsflæene. - Klikk for stort bileteUtsyn over Litledalsflæene. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Fotturister på veg til den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, Kvanndalen turisthytte ved Svultanuten.  - Klikk for stort bileteFotturister på veg til den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, Kvanndalen turisthytte ved Svultanuten. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Aktuelle lenker

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?