2 Heilskaplege miljø, kulturminne og kulturlandskap

Nokre område i kommunen inneheld så mange interessante bygningar, vegar, kulturlandskap og natur at det er naturleg å omtale dei samla. I slike område vil det og inngå enkelte bygningar eller element som i seg sjølv ikkje er så interessante, men som utgjer ein viktig del av heilskapen. 

Sist endra 20.02.2015

Strandstadmiljøet på Sand.  - Klikk for stort bileteStrandstadmiljøet på Sand. Suldal kommune, Bjarte Skipevåg

 

Strandstadmiljøet på Sand, der særleg Nordenden og Bakkadn merkar seg ut med mange eldre hus og miljø.
Strandstadmiljøet på Jelsa, frå Noresjøen til den gamle damskipskaien, med fleire hus frå eldre tider som gir heilskap og særmerkt bustadmiljø. Mellom desse skulehuset til "Den Riibergske Stiftelse" og Bjergsted.
 
Strandstadmiljøet på Jelsa.  - Klikk for stort bileteStrandstadmiljøet på Jelsa. Suldal kommune, Bjarte Skipevåg

 

Klungtveit-Litlehammar-området med tilstøytande område; Mokleiv/Lalid/Hamrabø i nord, og Våge/Hylen/Lingvong i sør.
 
Ulladalen med Ørekvam, Hjorteland og Fjellberg, historisk kulturlandskap med stor autentsitet.
 
Bråtveitgrenda med stølsregionen i Bråtveitheia, frå Reinskvelven i sør til Krokavasstølen i nord, har mange av dei same verdiane som Hamrabø.
 
Heiaområdet frå Indre Bjerga til Hamrabø framstår som eit område som er uvanleg rikt på kulturminne. Heia gir eit godt og unikt bilde av korleis ein nytta heia i gardsdrifta inntil for eit par generasjonar sidan. I heiaområdet er det registrert kulturminne (1983) som til saman omfattar 34 stølsanlegg som forutan 48 stølshus omfattar f.eks. 38 løer, 2 fjøs, 82 tufter etter hus, 8 rydningsrøyser og 108 stakktufter.

 

 

Fann du det du leita etter?