Suldalsvatnet

Suldalsvatnet inneheld enorme mengder vatn og er som hjarta i Suldalsvassdraget.

Sist endra 14.08.2015

Utsikt mot Suldalsvatnet ovanom Stålevik. - Klikk for stort bileteUtsikt mot Suldalsvatnet ovanom Stålevik. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Vatnet er 28 km langt, 29 km2 stort og er 376 meter på det djupaste. Med det er det Rogaland sin største innsjø og Noreg sin niande djupaste. Vatnet er regulert (Ulla-Førre) med 1,5 meter mellom kote 67 og 68,5 moh. 

Vatnet og innløpselvane har i all tid blitt nytta av befolkninga rundt vatnet til hushaldsfiske. Fiskeartar i vatnet er laks, sjøaure, innlandsaure, ål, røyr og stingsild. I dag er det aure og røyr som utgjer det vesentlege kvantum av fiskebestanden. Mindre fiske, samstundes som det er endra økologiske forhold på grunn av kraftutbygging, har favorisert røya. Bestanden utvikla seg til å bli overbefolka.
 
Suldalsvatnet grunneigarlag har sidan 2001 drive eit utfiskingsprosjekt av småfisk. Målet har vore å få fram meir fisk i ein storleik som er meir interessant for næring- og rekreasjonsfiske. Denne utfiskinga har vore vellukka og ein har mellom anna fått den ettertrakta "storauren" meir i syne.

Suldalsporten. - Klikk for stort bileteSuldalsporten. Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?