10 Eldre kulturlandskap

Eldre kulturlandskap og interessante kulturmarkstypar er i ferd med å forsvinna frå landskapsbildet gjennom attgroing, endring av tradisjonelle driftsformer eller ved omfattande inngrep. Kulturlandskap er ei felles nemning der både Kulturmarkstypar, bygningsmiljø og tekniske anlegg er representert i same område. Gjennom dei tradisjonelle driftsformene i jordbruket har ein vore med å forma miljøet slik vi ser det i dag. Nye krav til jordbruket gjer at ein i liten grad held fram med slik stell av landskapet.

Sist endra 20.02.2015

Blomstereng og bakkemurar på Lalid.  - Klikk for stort bileteBlomstereng og bakkemurar på Lalid. Suldal kommune, Bjarte Skipevåg

 

Kulturmarkstypar


Styvingstre og kulturskogar er enkelt-lauvtre eller skogar av lauvtre som har vore nytta til fôrsank både ved å bruke lauvet, borken og tynne greiner. Hagemark er beitemark med tresjikt. Dette er ofte lågproduktive og lysopne jordbruksareal med trær som anten blir nytta til for (bjørk, alm, ask) eller til reiskap slik søyleeineren blir nytta til staur. Gode døme på kulturskogar og hagemark finn vi i området Hylen - Mokleiv der særleg dei sørvende liane i Hylsdalen utmerkar seg.
 
Urterike slåtteenger er karakterisert med eit stort artsmangfald og har ofte eit høgt innhald av ville urter. For å oppretthalde blomsterengene må ein slå engene fyrst etter at plantene har frødd seg. Kraftig gjødsling vil favorisere næringskrevjande arter som vidare vil hindre blomsterarter som er mindre næringskrevjande. I Lali og på Klungtveit er det gode døme på slike enger.

 

Tekniske anlegg knytt til jordbruksdrift


Eit godt døme på dette er alle steingjerde som har vorte bygd opp rundt innmark og anna eigedom. På brattlendt innmark var det vanleg å mura bakkemurar; terrassemurar for å halda betre på jorda og hindra utvasking, og for å gjera åkeren eller bøen slakare. Spesielt fint terrassemurarbeid finn me på Klungtveit. Stakktufter er vitnemål om slått i utmark og hei som var svært viktig i det gamle jordbruket, i mange grender langt inn på 1900-talet. Som eit synleg vitnemål finn me ringmurar i stein som verna høystakken mot beitedyra, gjerne i stølsregionen. På Havrevoll er 30 stakktufter istandsette, der og stakkstøet; treet i senter er kome på plass.

 

 

 

Fann du det du leita etter?