Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Sopp- og bærplukking

Om hausten er det mengder av bær og sopp som berre ventar på å bli henta. Det handlar om gode naturopplevingar og seinare matglede. Det handlar ikkje minst om å vere saman.

I Suldal finn du alle dei vanlege bærplantene. Ein oversikt over matsopp funne i kommunen finn du nedanfor.

Nøgd kantarellplukker.

 

 

Bærplukking.

Kva er som heimelaga syltetøy av bær du sjølv har plukka? I Suldal finn du alle dei vanlege skogsbæra i nærmiljøet. Lengre opp mot heia finn du og den populære molta. Ta turen med familien og plukk! I tillegg til bærspannet kan det vere lurt å ta med dessertglas og tilbehør. Det smakar! 

 

Gode vanar ved sopplukking

  • Bruk korg eller romsleg papirpose, ikkje plastpose
  • Ha med små posar eller bærkorger for å skilla ut sopp du ikkje kjenner
  • Ikkje bland giftig og spiseleg sopp
  • Rens soppen ute
  • Ta bort makkspiste delar - del soppen på langs
  • Spis aldri gamal sopp eller sopp du ikkje er 100 % sikker på!!
  • Er du i tvil kan du kanskje få hjelp av ein soppkynnig?
  • Sjå elles fleire gode nettsider om sopp, mellom anna Soppgleder

 

Mat- og giftsopp i Suldal

Matsopp

Beitesjampinjong
Blodsjampinjong
Kjempesjampinjong
Gul ringløs fluesopp
Brun ringløs fluesopp
Rødnende fluesopp
Melsopp
Matblekksopp
Vanleg sleipsopp
Rosa sleipsopp
Sotvokssopp
Frostvokssopp
Engvokssopp
Skarlagensvokssopp
Stubbeskjellsopp
Furumatriske
Granmatriske
Mandelriske
Nelliksopp
Rimsopp
Nøttekremle
Mandelkremle
Sildekremle
Mild gulkremle
Grønnkremle
+ fleire arter kremler
Silkemusserong
Gråmusserong
Riddermusserong
Blå Ridderhatt
Steinsopp
Fløyelsrørsopp
Svartbrun rørsopp
Kastanjerørsopp
(Seig kusopp)
Lerkesopp
Smørsopp
Sandsopp
Rødskrubb
Brunskrubb
Svartskrubb
Ospeskrubb
Myrskrubb
Ekte kantarell
Traktkantarell
Gul trompetkantarell
Svart trompetsopp
Grå trompetsopp
Blek piggsopp
Rødbrun piggsopp
Pærerøyksopp
Eggrøyksopp
Ruterøyksopp
Blomkålsopp
Spissmorkel
Mørk høstmorkel

 

Giftsopp

Rød fluesopp
Hvit fluesopp
Spiss giftslørsopp
Flatklokkehatt
Vanlig pluggsopp