Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Planteliv

Tekst: Alf Odden

Plantelivet innanfor Kvanndalen landskapsvernområde er mildt sagt varierande, og talet på ulike karplantar er høgt.  Over store område er vegetasjonen relativt fattig, men så finnes det også områder som kan måle seg med den rike floraen i meir kjende stader som Stranddalen. 

Fjelltjæreblom kan ein treffe på høgt til fjells. Her er den fotografert ved Isvatnet med Vassdalseggi i bakgrunnen.

 

Ein viktig årsak til den store variasjonen i vegetasjonen ligg i den skiftande berggrunnen. I tillegg kjem også dei variasjonane som naturleg følgjer med ulik høgde over havet, snødekke og tilgang på livd og sollys, slik at både varmekrevjande låglandsplanter og typiske fjellplantar veks innanfor landskapsvernområdet. Ein annan årsak til den store variasjonen er at Kvanndalen ligg i ei overgangssone mellom kystklima og innlandsklima. Dermed opptrer typiske vestlege artar som rome, bjønnkam og blåknapp saman med austlege artar som søterot og turt.

 

Vegetasjonen i dalbotn


I dei nedre delane av Kvanndalen, frå Kvanndalsdammen og inn til litt forbi Svultanuten, er dalbotn dominert av ein open bjørkeskog. Tregrensa ligg på vel 800 moh, og noko høgare på austsida enn på vestsida. Lengre inn i dalen er bjørkeskogen meir spreidd, men særlig på austsida er det stadvis gode bestandar med bjørk. Heilt inne forbi Bakkaleger går bjørkeskogen heilt opp mot 900 moh. Frå naturens side skulle Kvanndalen vore skogkledd opp mot 850-900 moh. Men hard vedhogst, slått og beite i samband med stølsdrifta har ført til at tregrensa no går lågare mange stader. Bjørkeskogane i Kvanndalen er ikkje særlig næringskrevjande, og bjørka har til vanleg følgje med ulike vierartar, blåbær, gullris og gras som smyle og sølvbunke. Bregnar som fjellburkne, smørtelg og hengjeveng er også vanlege. På litt fuktige stader kan bjørkeskog vere dominert av skrubbær og blåtopp. Bjørkeskogen i Kvanndalen høyrer til det ein på fagspråket kallar subalpin bjørkeskog. Unnataket er liene lengst ned mot Kvanndalsdammen kor det veks gråor. Inne ved Svultanuten veks det også ein liten granskog som truleg er planta. Her er det og ein bestand med krypfuru.

Sjølv om Kvanndalen er fuktig nok finst det få store myrer. Dei som finst er i hovudsak fattige starrmyrer kor artar som tranestarr, blankstarr, flaskestarr, myrsnelle og duskull er vanlege. Her vil ein også ofte finne artar som molte og blåtopp. Høgare oppe i heia går både planteproduksjonen og nedbrytinga ennå saktare, og her blir det blir ikkje danna myr.

På stølsvollene rundt dei mange nedlagte stølane i Kvanndalen, er vegetasjonen dominert av det som på fagspråket kallast sekundære grasheier. Namnet kjem av at vegetasjonen opphavleg har vore ein annan, men at lange tider med vedhogst, slått og beite har fortrengt desse artane. Samstundes som denne verksemda har favorisert ei lang rekke gras og starrartar. Stølsvollane no dominert av artar som sølvbunke, finnskjegg, gulaks, engrapp og engkvein, samt seterfrytle, kornstarr og stivstarr. Andre plantar som fjellmarikåpe, engsyre, tepperot og harerug er også vanlege på stølsvollane. Utanfor sjølve Kvanndalen er det berre i nordenden av Litlavatnet at ein finn liknande grasheier. Her har det ikkje vore støling eller slått, men beitinga i samband med mellom anna drifteferdsla har vore relativt omfattande.

Stølsdrifta i Kvanndalen tok slutt kring 1950. Med den vart det også slutt på vedhogsten. Slåtten haldt fram noko lengre. Talet på beitedyr har også gått jamt nedover. Dei sekundære grasheiane som oppstod på grunn av kulturpåverknad vil truleg sakte forsvinne no som denne påverknaden mest er borte. Langs Kvanndalsåna og andre fuktige stader et vierkratta seg innover stølsvollane, mens der det er tørrare er bjørkeskogen på veg tilbake. Rundt Flesa og Svultanuten er denne utviklinga allereie i gong, og erfaringar frå andre stader tydar på at attgroinga berre vil gå raskare i åra som kjem.


Det blir stadig meir vierkratt. Bilde er frå Kvanndalen der turiststien kjem frå Holmevatn.

 

Langs det meste av Kvanndalsåna og større bekkar nede i dalen veks det ei stripe med vierkratt. Nokre stader som ved Svultanuten, og dei inste delane av dalen, kan også større områder dekka med vier. Dei fleste stadene er lappvier den mest talrike, men også sølvvier og grønnvier er vanlege. Sølvbunke er også svært vanleg i vierkratta, saman med andre grasartar som gulaks og smyle. Elles veks også artar som fjellmarikåpe, myrfiol, myrhatt og vendelrot saman med vieren. Vierkratta i Kvanndalen er mange stader truleg eit stadium i attgroinga etter at stølsdrifta tok slutt. Også langs Tverråna og andre høgareliggande vassdrag vekst det vier, men for spreidd til at det kan kallast vierkratt. Nokre stader inne i Kvanndalen kor det er god tilgang på både næring og fukt vil vierkratta få ei heilt anna utforming. I slike høgstaudekratt vil ein i tillegg til lappvier, sølvvier og ullvier finne ei rekkje store og iaugefallande urter. Dette vil særlig dreie seg om turt, kvitsoleie, vendelrot, mjødurt, kvitbladtistel, fjelltistel, sløkje, raud jonsokblom og skogstorkenebb. I tillegg vil ein som regel finne sølvbunke, skogrørkvein, fjellburkne og smørtelg. Fjellkvann som truleg er opphavet til namnet Kvanndalen hører også naturleg heime i denne vegetasjonstypen. Hardt beitepress over lang tid har ført til at fjellkvannen no er fortrengt til vanskeleg tilgjengelege stader oppe i dalsidene.

På dei flate stein- og grusslettene som ein finn mange stader mellom vierkrattet og sjølve Kvanndalsåna, er det nokre planter som held ut ein omskifteleg tilvære med regelmessige overfløymingar. Denne såkalla pionervegetasjon består mellom anna av artar som sølvbunke, aksfryttle, fjellkvein, brearve, stjernesildre og forskjellige vierartar.


Vegetasjonen i dalsidene


Når ein kjem over tregrensa får forma på landskapet mykje meir å seie for plantelivet. Avblåsne og tørre rabbar vil få ein type vegetasjon, skråningar og søkk der snøen ligg lenger vil få ein annan. I tillegg vil vegetasjonen også variere med næringshøva. Desse områda, kor det er markert forskjell mellom vegetasjonen på rabbar og i snøleier, høyrer til den lågalpine sona. Den strekker seg frå tregrensa ved om lag 850 moh og opp dit kor blåbæra ikkje lengre veks i samanhengande bestandar ved om lag 1050-1100 moh.

Lynghei er ein vanleg vegetasjonstype i dalsidene i Kvanndalen. På dei vêrharde rabbene vil særlig artar som rypebær, greplyng og krekling trivast, men også artar som stivstarr, rabbesiv og smyle er vanlege saman med både skogstjerne og ulike svever. I skråningar kor det ligg litt meir snø er det blåbæra som dominerar saman med mellom anna blålyng, blokkebær og dvergbjørk. Her vil det også vekse fleire gras og blomsterplanter som smyle, gullris og skogstjerne.

 

Ei tue med fjellsmelle i dalsida øvst i Kvanndalen. Kistenutenden (1597 moh) i bakgrunnen.

 

Mange stader i dalsidene er det mange søkk og fordjupingar der snøen ligg lenge utover våren. Desse snøleiane vil imidlertid variere mykje i utsjånad. Der snøen ligg lengst vil ein finne dei såkalla musøresnøleiene kor musøre er den dominerande arten. Her vil ein også finne dvergråurt, trefingerurt, stivstarr og smyle. Dersom desse snøleiene blir skikkeleg våte vil ein også få innslag av fuktkrevjande artar som stjernesildre, engmjølke, fjellsyre og fjellskrinneblom. Der det er tørrare og snøen ikkje ligg like lenge vil det utvikle seg grassnøleier. Her veks til vanleg finnskjegg, smyle og stivstarr, som og kan få følgje av blåbær og blokkebær. Der det er mykje ur vil ein få bregnesnøleier med mykje fjellburkne eller hestespreng.

Vegetasjonstypane vi har sett på så langt er lite næringskrevjande, men det finst også områder kor fyllitten set sitt tydelege preg på vegetasjonen. Nokre stader vil næringsrikt sigevatn gi grunnlag for små oasar med stort artsmangfald og mange næringskrevjande fjellplanter. Gulsildre er ein svært vanleg art i slike rike sig. Elles er også artar som rynkevier, flekkmure, jåblom, dvergjamne, sotstarr og hårstarr vanlege. I tillegg vil også mange høgstauder trivast på desse stadene. Det vil mellom anna dreie seg om kvitbladtistel, fjelltistel, skogstorkenebb og raud jonsokblom.

Reinrose.

Stader der det ikkje er like vått, men framleis godt med næring vil ein mange stader i fyllittområda finne så kalla reinroseheier der det veks tette bestandar av reinrose. I tillegg finn ein også andre næringskrevjande artar som raudsildre, rynkevier, flekkmure, bergveronika, rosenrot og hårstarr, samt nokre mindre kravstore artar som tyttebær, kattefot og rabbesiv.

Rik vegetasjon finst flekkvis på mange stader i Kvanndalen landsskapsområde, men det er berre langs Svultanutskora og i Litlevassbotn det er snakk om større areal.


Vegetasjon på høghei og toppar


Områder med lynghei er også vanleg utanfor sjølve Kvanndalen. Dette dreier seg særlig om dei flatare heiområda frå Litledalsflæene og sørover forbi Litlavatnet. Her vil dei lågareliggande delane høyre til lågalpin sone, kor blåbær dannar tette bestandar der snødekket ikkje bles heilt bort. Dei høgareliggande delane tilhøyrer mellomalpin sone. Her vil store område være dominert av lyngartar som krekling, greplyng, med innslag av blokkebær, blåbær og fjellbjørk på litt lunare stader. Rabbesiv, stivstarr, finnskjegg og smyle er også vanlege artar. Forutan at blåbær blir sjeldan, karakteriserast mellomalpin sone av at vegetasjonen ikkje er like samanhengande og eit aukande innslag av gras og lavartar. Når ein kjem opp på dei høgaste toppane blir desse trekka ved mellomalpin sone svært tydelege. Her er større område utan særlig vegetasjon, og innslaget av lav er tydeleg. Av karplanter som veks på toppen av Vassdalseggi kan nemnast stivstarr, rabbesiv, sauesvingel, greplyng og krekling.

Fjellsveve er ei plante ein kan treffe på høgt til fjells.

 

Artar på kart