Hamrabøvassdraget

Hamrabøvassdraget ligg vest for Suldalsvatnet kor elva munnar ut. Det er eit område veleigna for tradisjonelt friluftliv og vert nytta til alle årsttider. Fuglefaunaen er relativt rik med fleire lokalitetar av lom og rovfugl. Kulturminner knytta til tradisjonell gards- og utmarksdrift er svært rike. 

Nedbørfeltet er 42 km2 og blei verna i Verneplan IV for vassdrag.

Sist endra 20.09.2015

Hamrabøåna, her nedstøms Kilavatnet, blei verna i Verneplan IV for vassdrag. - Klikk for stort bileteHamrabøåna, her nedstøms Kilavatnet, blei verna i Verneplan IV for vassdrag. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Kvifor vern?

 

Hamrabøvassdraget er verna som eit typevassdrag. Dette vil seie at vassdraget er utan særlege tekniske inngrep, og det er av ein slik storleik at det representerer eit landskapsbilete og flora/ fauna som er typisk for regionen. Måla for forvaltninga i området vil vera å ta vare på landskapsbiletet, og sørgje for ei streng vurdering når det gjeld direkte inngrep som påverkar elveleiet sine hovudformer.

I St. prp. 118 ( 1991- 92) er verneføremålet begrunna slik: "Kontaktutvalget viser til at vassdraget er velegnet for tradisjonelt friluftsliv sommer og vinter, og kulturminnene er rike. Kraft ressursene sees særlig i forbindelse med en opprustning og utvidelse av Saudaverkene. Nedbørfeltet er del av et større uberørt område i en region preget av kraftutbygging, og vassdraget har stor typeverdi."

 

Temakart
 


Kartet viser det verna vassdraget. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. vasskraftverk, kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart". 

 

 

Meir om verdiane i vassdraget

Det er laga ein VVV-rapport om Hamrabøvassdraget. Rapporten gir ein eit oversyn over verdiane i vassdraget, stadfestar dei, og gir eit oversyn over kor kunnskapsgrunnlaget manglar. Målet med rapporten er at alle som planlegg arealbruk eller inngrep i vassdraget skal vita kva som finst. 

 

 

Svinstølsvatnet og Vasslivatnet ligg sentralt i vassdraget. - Klikk for stort bileteSvinstølsvatnet og Vasslivatnet ligg sentralt i vassdraget. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Fann du det du leita etter?