Turmål og turstiarLang og bratt topptur, rusletur i stølstrakter eller ein kort tur i nærområda. I Suldal er det eit godt utbygd turløypenett, uansett form og alder finn du ein tur som passar! Publisert02.08.2018 12.49 Sist endra21.08.2019 11.26 Turforslag Frå Førland Jarle Lunde/SuldalFoto.no På Norges beste turteneste finn du ei rekke turforslag frå alle delar av kommunen. Eller saknar du dine flottaste turmål? Kanskje kan du eller din organisasjon dele gode turforslag og få dei publisert? Turforslag i Suldal kommune og nærliggande område (Ut.no) Legg inn dine turer Lokale turkart Mange turstiar i nærområda til tettstadene er merka og lagde til rette. Det er utarbeidd kart med utfyllande tekst til kvart område. Karta finn du som utskriftsvennlege lenker nedanfor. Du kan og få dei ved å venda deg til kommunen eller turistkontoret. Fleire lokale butikkar har dei også. Turstiar i Erfjord (PDF, 247 kB) Turstiar i Vanvik (PDF, 175 kB) Turstiar på Gullingen (PDF, 5 MB) (ny 2015) Turstiar på Ropeidhalvøya (PDF, 212 kB) Turstiar på Nesflaten (PDF, 229 kB) (ny 2015) Turstiar på Suldalsosen (PDF, 768 kB) (ny 2015) Turstiar på Jelsa (PDF, 147 kB) Turstiar på Sand (PDF, 635 kB) (ny 2015) Pilegrimsveg Frå Suldal til Røldal går det ein gamal pilegrimsveg. Vegen er skilta frå Engjaland og over til Botnen. Pilgrimsveg Suldal - Røldal (PDF, 193 kB) Nutfant/Turfant/Skogstrim I fleire av bygdene kan du bli Nutfant/Turfant/Skogstrimmar ved å gå til nokre av dei lokale turmåla og skrive namnet inn i ei lita bok. Idrettslag og grender har ulike varianter. Skogstrimmen i Suldal, les meir hjå Suldal Idrettslag Turfant på Sand, turmål i skogsområda rundt Sand. Les meir hjå Sand IL Nutfant. Ulike toppar i område Sand, Suldal og Gullingen. Les meir hjå Sand IL Turfant i Erfjord, les meir hjå Erfjord.net Hylsfjorden IL brukar også leggje ut notisbøker på ulike plassar i Vanvik Sjå og: Turistforeninga sitt tilbod Tur og skiorientering Toppen er nådd Jarle Lunde/SuldalFoto.no