Dyreposisjonar på nett

Det går reinsdyr i fjellet med GPS. Du kan følgje dei.  

I kartløysinga "Dyreposisjonar" kan ein mellom anna sjå korleis radiomerka reinsdyr nyttar fjellheimen. Her har dei vore på Kvernaheia nordaust for Bråtveit.    
Norsk institutt for naturforskning (NINA) nyttar radiomerking til å kartleggje arealbruk, bestandstorleik, reproduksjon og død hjå rovvilt og hjortevilt. Det er mellom anna merka reinsdyr i Ryfylkeheiane. Dyra er merka med ein moderne type GPS-sendar som rapporterer sine posisjonar undervegs via SMS-meldingar. Kor dei radiomerka dyra flytter seg kan ein sjå i kartløysinga "Dyreposisjoner". Innsynsløysinga er etablert for at alle skal kunne få litt meir innsikt i korleis dei viltlevande dyra nyttar naturen. For den vanlege brukar er posisjonane forsinka med 2 veker. Også i jakt- og yngletida vil ein del av posisjonane vere unntatt for innsyn. For å nytta tenesta må ein opprette brukarnamn og passord.       

 

Fann du det du leita etter?