Vardar og hellere i Dyraheio

I uminnelege tider har det ferdast folk i området som i dag blir kalla Suldalsheia. Dei eldste spora etter steinalderjegarar finn vi ved Holmavatnet og dei er tidfest til omlag 3.000 år f.kr. Med tida har bruken av heia skifta mykje i innhald og omfang, men frå dei fleste tidsbolkar finn arkeologane spor etter folk som har hatt heia som ein viktig del av livberginga.  

Sist endra 14.09.2015

Hidleren i Urdevasskvelven, aust for Bleskestadmoen. - Klikk for stort bileteHidleren i Urdevasskvelven, aust for Bleskestadmoen. Suldal kommune, Eskil Nerheim

Ferdsla og bruk av heia har sett spor etter seg. Rekker med mosegrodde vardar og nødlingar strekker seg på kryss og tvers over snaufjellet, og nokre stader er slepene ennå synlege som djupe renner i morenejorda eller som ein strek av gult gras gjennom lyngen. Innunder steinar og framspring ligg eldgamle herberg og hellere med oppmurte steinveggar til ly for vind og væte. I jordbakkar er det grove inn og mura opp enkle jord og steinhytter, nokre av dei står ennå, mens andre forlengst har sige saman.

Ein grundigare omtale av desse kulturminna kan du lesa i rapporten nedanfor.

Fann du det du leita etter?