Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Landskap og kulturminne

Av Vidar Lunde/SuldalFoto.no

 

Det er generelt lite preg av menneskeleg aktivitet i Drotninghei. 
Det er to gamle stølar, Raudafjellstølen og Vårstølen. Raudafjellstølen ligg heilt nordaust i reservatet og høyrer til garden Vasshus. Her står framleis to bygningar, ei høyløe og sjølve stølen som ligg inntil ein stor stein. Innvendig er denne stølen mørk og dyster, og det er heller trongt om plassen. Både inne og ute er det svært mange inskripsjonar, dei eldste frå 1825. Den tredje bygningen er det berre grunnmuren igjen av.


Høyløa ved Raudafjellstølen.

Raudafjellstølen ligg inntil ein stor stein.

Kortveggen på Raudafjellstølen er full av inskripsjonar.

Dei eldste inskripsjonane er frå 1825.

Berre grunnmuren står att av det tredje bygget ved Raudafjellstølen.

 

Vårstølen ved Vårstølstjørna lengst i sør høyrde til Førland og var i bruk fram til omkring 1930-talet. Her hadde dei dyra ein kort periode om våren. Stølsjentene drog opp om kvelden for å mjølke, så låg dei på stølen og drog heim att med mjølka om morgonen. Det er ikkje mykje att etter desse bygningane, men her skal det ha vore tre stølar, ein til kvar av gardane på Førland.

Det er ikkje mye som er igjen av Vårstølen i dag.

 

Tre av vatna i Drotninghei har vore regulert med ein stem. Det er dei to Stemtjørnane som ligg i vest og drenerer til Grov, og det er Vårstølstjørna i sør som drenerer til Suldalslågen heilt nedst ved Førland. Nedanfor Vårstølstjørna var det og ein stem i den lange løken. Då Bård Hatløy skulle drive saga som sto der Hundabekken kom ned til Suldalslågen, gjekk han opp lia om morgonen for å opne stemmane. Då han var ferdig om kvelden gjekk han opp att for å stenge dei. Hatløy dreiv denne saga fram til omkring 1940-talet, og murane viser framleis.

Øvre del av den lange løken i Hundabekken nedanfor Vårstølstjørna som begge hadde ein stem.

 

Det vart også henta tømmer i dei bratte liene. Ein løypestreng frakta tømmer ned frå lia ved Vårstølstjørna til Førland. Denne var i bruk heilt fram til 1960-talet og ein kan sjå spor etter han ennå.


Fram til 2008 har villsau og hest beita i område. I samband med dette blei det på slutten av 80-talet plassert ei campingvogn på det høgaste punktet i heia. Den er måla grøn.