Jakt og jaktstatistikk

Suldal er kjend for gode jaktområde. Nokre stadar er det muleg å kjøpe jaktkort for både for småviltjakt og for storviltjakt.

Kor mange dyr blir felt? Og korleis er utviklinga?

 Klikk for stort bileteUttaket av hjort har auka mykje dei siste tiåra. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Jaktkort - stor og småviltjakt 

Suldal fjellstyre sel kort på reinsjakt til innbyggarar i "gamle Suldal". Talet varierer frå år til år.

På Suldal statsallmenning er det og jakt på småvilt. Det er særleg rypa som er attraktiv, men her finst både hare, rev og andre mindre rovdyr som er jaktbare. Det er ikkje lov å jakta med hund. Du kan kjøpe jaktkort mellom anna online på Inatur.no.

Det er og grunneigarar og firma som sel jaktkort på både storvilt og småvilt. Les meir om dette hjå Suldal turistkontor.

 

Jaktstatistikk på kommune og valdnivå

Mange hjort- og elgjegerar har dei seinare åra registrert alt kva dei har sett av dyr under jakta. Observasjonane er ført på spesielle skjema, og levert inn til viltforvaltar saman med fellingsrapportane.

Fellingsrapportar og observasjonane er nå lagt inn på www.hjortevilt.no. Der kan du gå inn og sjå resultatet, enten for heile kommunen eller på valdnivå. I vald der det er gjort gode registreringar kvart år kan resultatet fortelja noko om bestandens storleik, kjønnssamansetning og reproduksjon, samt jakttrykket på ulike kategoriar dyr. Indeksane er ikkje nødvendigvis samanliknbare mellom område, men vil som regel gi eit godt bilde av utvikinga innan eit område over tid.

 

Hjortejakt - eit samandrag
Det blei i 2018 felt 447 hjort i Suldal. Fellingsløyve var på 850 dyr. Dette er på eit høgt nivå, men lågare enn i rekordåret 2010 då det blei felt 505 dyr. Auken dei siste åra kan til dels skuldast lengre jakttid, men det gjev ikkje heile forklaringa: Andre kommunar har og hatt ei stor auke i avskytinga. Forklaringa kan skuldast gunstige vertilhøve, og store årsklassar som har gått inn i produksjon. 


Klikk for stort bilete Jarle Lunde/SuldalFoto.no Elgjakt - eit samandrag
Av elg blei det berre skutt 2 dyr i 2018. Talet på felte dyr har gått mye ned i dei seinare år. Forklaringa på dette er truleg redusert elgbestand i Agder-fylka, og dermed mindre innvandring frå aust.
 

Rådyrjakt - eit samandrag
Det blei i 2018 felt 31 rådyr. Rekorden er frå 2009 då det blei felt 79 dyr.

Reinsdyrjakt
Klikk for stort bilete Lars Christian Benninghoff

Tal for 2018 viser 341 felte rein i Setesdal-Ryfylke. 26 av desse blei felt i Suldal. Dette var langt færre enn forventa og skyldes i stor grad dårleg vær i jakttida og at dyre stod langt aust i heia. 
I Skaulenområdet blei det i tillegg felt 5 villrein.

 

Aktuelle lenker

Fann du det du leita etter?