Vilt og viltforvaltning

Grunna den store variasjonen i naturforholda har me i Suldal eit stort spenn av viltartar. Alle dei fire hjortedyra har livskraftige bestandar. Fleire viltartar er oppført på raudlista og treng spesiell merksemd.

Sist endra 20.09.2015

Hjort er eit vanleg dyr i skogane i Suldal. - Klikk for stort bileteHjort er eit vanleg dyr i skogane i Suldal. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 

Mykje og variert vilt


Etter viltlova skal viltet og leveområda forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert bevart. Det er innanfor denne ramma viltproduksjonen kan haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. For å meistre denne forvaltningsoppgåva er det naudsynt med kunnskap om artane, leveområda, trusselbilete og bestandsutvikling.

Reinsdyr under Skaulen. - Klikk for stort bileteReinsdyr under Skaulen. Jarle Lunde/SuldalFoto.no Det er gjerne det jaktbare viltet som får størst merksemd. Innafor viltforvaltninga utgjer desse ein mindre del av artane då vilt er definert som alle viltlevande landpattedyr og fuglar, amfibier og krypdyr.

Frå skjergard til høgfjell kan Indre Ryfylke med Suldal by på rike og varierte viltopplevingar. I eit lite tjern svømmer den sjeldne store salamanderen, i skogen traskar elgen og på heio vandrar reinen. 


Viltkartlegging og artskart


I Suldal er det gjennomført viltkartlegging. Hjortevilt, småvilt, rovfugl og raudlisteartar er vektlagd i kartlegginga. Dataene, som vert lagt inn i ein database, blir nytta som bakgrunnsinformasjon for arealplanlegginga i kommunen. Dei data som er offentlege finn ein bl a i Miljøstatus sin kartbaserte innsynsløysing. 

 Kartet viser kartlagte forekomstar av artar, både i plante og dyreriket, som har nasjonal forvaltningsinteresse. 

Artar registrert i Suldal


Oversyn over alle artar registrert i Suldal, både planter og dyr, finn du hjå Artsdatabanken sitt Artskart. Gjennom nettsida Artsobservasjoner kan du og registrere egne feltdata.

 

 

Fann du det du leita etter?