Strandaliane naturreservat

Strandaliane naturreservat ligg søraust for Suldalsvatnet mellom Kvilldal og Bråtveit og er på 11 385 dekar. Føremålet med naturreservatet er å bevara eit stort samanhengande skogsområde med bratte skoglier frå lågland (69 m.o.h.) til fjells som er lite prega av nyare inngrep, og å ta vare på alt naturleg plante- og dyreliv og dei naturlege økologiske prosessane i området.

Naturreservatet blei vedtatt verna 15.desember 2017 og er tufta på ordninga med frivillig vern av skog.

Kveldslys i Strandaliane naturreservat. Mot Bråteveit - Klikk for stort bileteKveldslys i Strandaliane naturreservat. Mot Bråteveit Vidar Lunde/SuldalFoto.no

 


Kartet viser verneområdet. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".

 

Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand og eventuelt vidareutvikla dei. Om mogleg er det også eit mål å ta vare på kulturpreget og tilknytta naturverdiar i haustingsskogen.

 

Verneverdiar

I Fylkesmannen i Rogaland si tilråding av vern av Strandaliane gir følgjande omtale av naturverdiane i området:

Rådlausjuvet - Klikk for stort bileteRådlausjuvet Vidar Lunde/SuldalFoto.no Urskog i Rollesjuvet - Klikk for stort bileteUrskog i Rollesjuvet Vidar Lunde/SuldalFoto.no

I naturreservatet er det fattig boreal og boreonemoral furuskog og lauvskog dominerer. Eldre boreonemoral edellauvskog og haustingsskog av alm, ask og andre edellauvtre dominerer nokre stader på skredjord i lågareliggande delar. På stammane finst fleire sjeldsynte og nasjonalt trua lavartar.

Område med rik, nordvend, eldre lauvskog med stort innslag av edellauvtre finst ved Steinsvikbekken, på Fjærnes og på Litlehamarstronda. Her finst blanda lauvskog med gråor, hassel, ask og hegg og med urter, bregner og store gras i feltsjiktet, som raggtelg, skogsvingel, skogstjerneblom og trollbær. På stammane finst mosesamfunn med kystmose og fleire artar sjeldne i fylket, og rike lungeneversamfunn, m.a. praktlav (VU) og skoddelav (VU). Andre raudlista lav er skorpefiltlav (NT) og Biatoridium monasteriense (NT).

På Litlehamarstronda står dessutan noko lenger oppe fleire titals store almestuvar med feltsjikt dominert av strutseveng og med rik mose- og lavflora på stuvane med raudlisteartane Gyalecta cf. flotowii/truncigena (VU) og Gyalecta ulmi (NT). Det er fleire bekkekløfter i området, m.a. Rollesjuvet. I tillegg til blanda og dels rik lauvskog kjem det her inn fjellplanter som kvitsoleie, svarttopp, raudsildre og ullarve.

Vest for Turrajuvet er furudominert skog ned mot vatnet med bonitet 15-17. Ryggen i aust har lyngfuruskog, med blokkebær og røsslyng, middels til små dimensjonar og spreidd gadd. Vestover tek blåbærskog over med meir høgvaksen og grov furu, etter kvart innslag av småbregner med større dimensjonar opp mot diameter 40 cm.

Ved Saunuten finst gammal furuskog med bjørk og osp og gråor i fuktige, rikare parti. Furua er typisk 120-130 år, opp til 330 år. Rein furuskog og eldst skog finst vest og nordvest for Saunuten, mest moserik røsslyng-blokkebærskog med m.a. storstylte og heimose.

 

Aktuelle lenker

 

Strandaliane sett frå Litlehamar - Klikk for stort bileteStrandaliane sett frå Litlehamar Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 

Fann du det du leita etter?