Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Religiøs og offentleg verksemd

Bygningar knytt til religiøs verksemd


Kyrkjene som vart bygd i middelalderen var i hovudsak stavkyrkjer og steinkyrkjer. Etter reformasjonen vart dei fleste kyrkjene tømra. Jelsa kyrkje vart bygd på 1600-talet. Dette er ein tømra bygning som har "rosemålingar" på veggane noko som karakteriserer kyrkjer frå denne tida.
 
Resten av kyrkjene me har i kommunen, Sandskyrkja, kyrkja på Vinjar, Erfjordkyrkja og Nesflaten kapell er alle bygd på 1800-talet. 1800-talet vert kalla den tredje kyrkjereisingsperioden i Norge. Me hadde då fått eit kyrkje- og undervisningsdepartement som gav ut plansjeverk med typeteikningar til kyrkjer, og dei fleste kyrkjene som vart bygd då var inspirert av desse teikningane. Mange av dei gamle kyrkjene vart rivne eller ombygde i denne perioden.
 
Prestegardane hadde ein høg status i bygda og var ofte mønsterbruk med jordforbetring o.l. Det er opprinneleg tre prestegardar i kommunen, Vinjar i Suldal, på Jelsa og på Sand. På Jelsa prestegard er prestebustaden og borgstova verna. På Vinjar er prestebustaden i privat eige og under restaurering.
 
Nokre av dei fyrste offentlege bygningane utanom kyrkjene var truleg tingstovene. I kommunen var det tingstad m.a. på Ilstad i eit hus tidfesta til 1600, nå gardsmuseum.
 
Forsamlingshus som bedehus og ungdomshus var viktige bygningar som kom til som følgje av eit veksande organisasjonsliv tidleg i dette hundreåret. Det var både religiøse og frilyndte verksemder som trengte sine hus.
Det første bedehuset i landet vart bygd rundt 1840. Bedehusa fungerte ein del stader som grendehus, det vart bygd og vedlikehalde av folk i grannelaget. Nokre kjelder meiner at ein bygde bedehusa for å få eit hus der kyrkjelyden kunne skifta og kvile før og etter kyrkjebesøket. Andre meiner det var lekmannsrørsler som "haugianerne" og misjonsselskapa som bygde bedehusa for å drive ein meir individuell religiøsitet og vekkingskristendom enn det kyrkja sto for. Fellestrekk ved bedehus-bygningane er den noko spartanske utsjånaden. I kommunen er det i dag mange bedehus.
 
"Krististova" i Kjølvik var fram til 1889 våningshus, då vart det ombygd til bedehus. I dag er det privat (?) bedehusmuseum. Vernekl.A i Sefrak.

 

Skulebygningar


I 1860 kom det ein skulelov som m.a. sa at skulen skulle så langt som mogleg vere på fast stad. Departementet laga til typeteikningar for korleis skulebygget skule vere og korleis det skulle innreiast. Desse teikningane er lagt til grunn for mange av dei skulebygningane som vart bygd i åra som kom. Skulebygningane vart bygd opp etter same lest med gang, skulestove og kammers, der kammerset var lærarbustad.
 
Det er registrert 19 (folke)skulehus i kommunen, alle ute av bruk. Berre eit er reg. i vernekl.A, nemleg Det Riibergske skulehus på Jelsa frå 1775. Dette er truleg det første landsens skulehus på Vestlandet. 11 av skulehusa i kommunen er sette i vernekl.B, og mellom desse er det naturleg å merka seg skulehuset på Austarå i Hamrabø og på Tjørnarehaugen i Ulladalen som gode døme det er vel verd å ta vare på.
 
Ryfylke folkehøgskule. Dei første bygningane, elevinternatet og administrasjonsbygningen, sto ferdige i 1920. Begge er sette i verneklasse B i Sefrak. Folkehøgskulen var ein så viktig institusjon at bygningane bør takast vare på.
 
Ryfylke Arbeidskule sitt skulebygg i Eidssjøen er frå 1923 står endå som eit minne om strevet med å få til eit vidaregåande skuletilbod i Ryfylke.