Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kjølvikskorpa naturreservat

Kjølvikskorpa er ei lita øy på ca. 500da. Den blei verna for å sikra den einaste kjende øya på Vestlandet utan særlege inngrep som er dekka av furuskog.

Kjølvikskorpa blei verna i 1999. 

Parti frå vestsida av Kjølvikskorpa. Denne delen av Sandsfjorden er eit område som er veleigna og mykje brukt til fritidsbåtliv.

 


Kartet viser naturreservatet. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  

 

Generell omtale av naturreservatet (Naturbase 2015)

Kjølvikskorpa er ei kupert og for det meste grunnlendt øy i den ytre delen av Sandsfjorden. Berggrunnen er granitt. På vestsida er det velutvikla storsylte-furuskog med mykje røsslyng og blokkebær i tillegg til blåbær. På austsida er skogen jamnt over tørrare, med blåbær, einer og einstape, og med spreidd kristorn og eik. Ut mot svaberga er det tytebær-furuskog med mjølbær. Eit ospeholt er rikare med lågurter og storfrytle. Hinnebregne finst på nordvende berg. Av andre kystartar finst heistorr. Skogen er opp til 130 år gamma, dei fleste trea er mellom 90 og 120 år. Sørvestlege vindar gjer at skogen dels har kystskogkarakter med mykje greiner og avflata krone. Kjølvikskorpa ligg innafor eit større område som er viktig for sjøfugl og der det er hiområde for oter.

 

Frå vernereglane:

  • Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging
  • Nye plantearter må ikkje førast inn, og planting og såing av tre er ikkje tillatt.
  • Dyreliv, reirplassar m.v. er freda mot skade og øydelegging.
  • Tiltak som kan endra det naturlege livsmiljøet kan ikkje gjennomførast.
  • Bålbrenning er forbode på Kjølvikskorpa.
  • Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av reservata er forbode.
  • Sanking av sopp og bær, jakt, fiske og beiting er tillatt.