Hålandsvassdraget

Hålandselva munnar ut i Hålandsosen i Erfjord. I nordaust grensar nedbørsfeltet mot Suldalsvassdraget og i sør mot Norddalsvassdraget. Natlandsnuten er høgaste punkt (964 m.o.h.). Nedbørfeltet har eit areal på 59 km2. Vassdraget blei  verna i Verneplan IV for vassdrag.

I elva er det registrert innlandsaure, sjøaure og laks og det er drive eit stort kultiveringsarbeid i Hålandselva for å få til ei god lakseelv.

Om vassdraget

Nattlandsvatnet med eit areal på 0,6 km2 ligg sentralt i vassdraget. Her møtest Budalsåna og Nattlandsåna. Frå vatnet følgjer hovudvassdraget Hålandsdalen. I dei øvre delar er dalføret trongt, men det vider seg ut nærare utløpet i fjorden. Tveitåni, som er det største sidevassdraget på denne strekninga, har fleire små og mellomstore vatn. 

Vassdraget har fleire gode våtmarkslokalitetar med innslag av ender, vaderar og lom. I skogsområda er det gode lokalitetar for spettar.

Sentrale delar av nedbørsfeltet er dels sterkt kulturpåvirka og i hovuddalføret inn til og med Nattlandsvatnet ligg fleire gardsbruk. Det er fleire små kraftverk av nyare dato i vassdraget.

 

Temakart

 


Kartet viser det grensene for Håland og Nordalsvassdraget. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. vasskraftverk, kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  

Fisk og fiske

Hålandsvassdraget er det registrert innlandsaure, sjøaure og laks.

Stavanger og Rogaland Jeger og Fiskeforening har drive eit stort kultiveringsarbeid i Hålandselva for å få til ei god lakseelv. Den laks/sjøaureførande strekninga er no om lag 6 km med gode forhold for gyting og oppvekst. Elva er open for alle som er interessert i å fiska etter laks og sjøaure. Elva vert nytta av lokalbefolkninga og folk i frå andre regionar i fylket. Fangsten har årleg vore om lag 300-400 kg laks med gjennomsnittsvekt på 3.4-5.5 kg. Sjøaurefangsten er relativt liten. 

Meir om fiskekortsal og moglegheiter i elva : 

Meir om verdiane i vassdraget

 

Det er laga ein VVV-rapport om Hålandsvassdraget. Rapporten gir eit oversyn over verdiane i vassdraget, stadfestar dei, og gir eit oversyn over kor kunnskapsgrunnlaget manglar. Målet med rapporten er at alle som planlegg arealbruk eller inngrep i vassdraget skal vita kva som finst.