Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Vasskraft

Vasskrafta vart brukt i det gamle bondesamfunnet fram til hundreårsskiftet. Vasshjulet vart i hovudsak brukt til å drive treskjemaskin, kvernkall og vassag. Kvednhusa er ofte små tømra bygningar og det kunne ligge fleire etter kvarandre langs bekken. Dei fleste gardane hadde eigne kvernhus og dei hadde ei enkel innreiing med sloke og kvernkall, over- og understein, teine og mjølkiste. Fleire stader var ikkje vassføringa større enn at ein måtte vente på flaumvatnet for å få mala kornet. 

Frå Kvednahola i Suldal. Her hadde gardane Ritland, Vasshus og Førland kvernene sine.

 

Den eldste vassdrivne saga var oppgangsaga. Desse kom alt tidleg på 1500-talet på austlandet, hjå oss høyrer me om dei frå rundt 1550. Dei fleste oppgangssagene hjå oss låg ved fjorden ved eit større vassdrag, men og i innlandet vart det bygd sager. Til saman er det registrert rundt 40 oppgangssager som var i drift i kommunen vår. Rundt 1880 vart oppgangssaga avløyst av sirkelsaga. Ingen oppgangssag er teken vare på her i distriktet, men f.eks. under Lingvongfossen ser me muren og den utsprengde vassrenna etter den eine av 2 oppgangssager som låg der fram til ca.1850.
 
På slutten av 1800-talet starta ein opp med å vinne ut elektrisk kraft frå elvevatnet. Dåverande Sand herad var tidleg ute og bygde ut Hiimsånå med kommunalt kraftverk i 1915/16. Kraftverket er framleis i drift, og den vakre bygningen står som eit monument over eit dristig og vellukka føretak.
 
Kvednhus
Uvanleg mange kvednhus er tekne vare på i kommunen vår, særleg i dei indre delane. I Kvednahålo og ved Tveiteåno finn me komplette miljø med tørkehus og kvednhus med vassrenne og interiør, medan dei fleste private som er tekne vare på manglar meir eller mindre av dette. 4 kvednhus er sett i kl.A i Sefrak: På Havrevoll, Børkjenes, Hjorteland og Foss.