Naturtypar og biologisk mangfald

Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for menneskeleg aktivitet som t.d. landbruk og friluftsliv. Inngrep i leveområda endrar det biologiske mangfaldet. I dei seinare år har biologisk mangfald difor fått auka merksemd i arealplanlegginga.

Suldal har eit stort biologisk mangfald, me har viktige nøkkelområder og at me har fleire truga artar.

 

Sist endra 08.10.2015

 

Biologiske mangfald er variasjonen av livsformer, deira arvestoff og det kompliserte samspelet dei er ein del av. Variasjon i naturen kan målast på tre ulike nivå: arveanlegg, artar og økosystem.

 

Kart med prioriterte naturtypar

 


Miljøstatus sin kartløysing viser mellom anna kor me finn prioriterte naturtypar i Suldal. Du kan flytte og zoome i kartet. Trykk på lokaliteten om du du ønskjer meir informasjon.  

 

Suldal har viktige område for biologisk mangfald


For å kunne ta vare på dei truga artane best mogleg er god skjøtsel og bevaring av leveområda ein viktig strategi. I Suldal har me lenge kjent til gode lokalitetar for biologisk mangfald. Som eit døme har Stranddalen vore kjend som eit svært rikt område for kalkkrevjande og sjeldne plantar. Gjennom kartlegging av biologisk mangfald er desse områda, saman med nye registreringar, systematisert.

Områda som er kartlagde i Suldal er oftast små areal som er særs artsrike, har truga artar, har ein spesiell funksjon eller er ein uvanleg naturtype. Desse har gjerne ein lokal verneverdi. Målet er ikkje å frede desse ved lov, men at ein gjennom bruk og arealplanlegging sikrar at slike "nøkkelområder" ikkje vert øydelagd ved ulike tiltak og inngrep. Med andre ord faller dette "vernet" på at grunneigar og kommune ikkje gjer disponeringar som heilt eller delvis øydelegg naturkvalitetane i eit slikt område.

Raudsildra er ein art me finn på kalkrike stadar på fjellet. - Klikk for stort bileteRaudsildra er ein art me finn på kalkrike stadar på fjellet. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 

Fann du det du leita etter?