Kystsona

Suldal kommune har ei lang strandlinje, den tredje lengste i Rogaland. Dei indre fjordstroka er prega av bratte fjordlier og få tekniske inngrep. I midtre fjordstrok er terrenget meir småkupert, og det er meir busetnad, hytter og tekniske inngrep. I ytre fjordstrok ligg dei beste jordbruksområda, og terrenget slakar seg ut her og der. Nokre stader er strandsona slik at ein kan gå lengre strekningar langs stranda.

Kystsoneanalysen presenterer faktaopplysningar om tilstanden i kystsona. Vidare skisserer ein avgrensingar og muligheter for vidare utvikling.  - Klikk for stort bileteKystsoneanalysen presenterer faktaopplysningar om tilstanden i kystsona. Vidare skisserer ein avgrensingar og muligheter for vidare utvikling.

 

For å ha eit godt grunnlag for framtidig forvalting av kystsona, ikkje minst i lys av det store presset som har vore på strandsona når det gjeld hyttebygging, er det gjennomført ein kystsoneanalyse. Analysen presenterer faktaopplysningar om tilstanden i kystsona i Suldal i dag. Vidare skisserer ein avgrensingar og muligheter for vidare utvikling i denne sona, oppsummert i ei liste tilrådingar som du og kan lese under.

 

 

Konklusjonar og tilrådingar

  • Suldal kommune har ei lang strandlinje, den tredje lengste i Rogaland. Det generelt bratte terrenget gjer at berre mindre deler av kystlinja er eigna for utbygging.
  • Desse utbyggbare delane er i stor grad tekne i bruk, og privatisert i ulik grad.
  • Dei resterande delane med utbyggbar strandsone må forvaltast som ein ikkje fornybar ressurs, i eit langt tidsperspektiv, lenger enn kommuneplanperiodar.
  • Det er store almenne verdiar knytte til dei ikkje utbygde delane av kystsona. Mange av desse verdiane er samanfallande arealmessig. Det skal vera godt grunngjeve når ein tek i bruk nye ikkje utbygde område.
  • Den vidare forvaltinga av strandsona må skje gjennom kommuneplanlegginga. Kystsoneanalysen skal vera eit hjelpemiddel i denne forvaltinga.
  • Fortetting og mindre utviding av alt utbygde hytteområde bør prioriterast framfor å ta urørte område i bruk.
  • Anlegg for småbåtar bør samlast i fellesanlegg.
  • Næringsverksemd bør prioriterast framfor ordinær hyttebygging dersom nye område skal tas i bruk.
  • Nye utbyggingsområde bør ha høg utnytting, og det bør leggjast til rette for almenn ferdsel nær stranda.
  • All ny utbygging bør skje gjennom reguleringsplanar, ikkje spreidd bygging. Det må takast omsyn til klimaendringar og mulighet for stormflo og havstiging.
  • Ny utbygging bør skje med respekt for lokal kystkultur og byggeskikk.
  • Eigna kyststrekningar bør tilretteleggjast med kyststiar for allmenta.

Suldal kommune har:

- 1728 km2 areal fastland og øyer

- 4 km2 øyer i saltvatn

- 40 øyer

- 300 km kystlinje fastland og øyer

- 33 km kystlinje øyer


(SSB)

 

 

Sist endra 07.10.2015