Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Inngrepsfri natur (INON)

Inngrepsfrie naturområder eller INON-område er i norsk forvaltning definert som område som ligg minst 1 km frå tyngre tekniske inngrep. Det er nasjonal politikk at ein ved arealplanlegging skal ta omsyn slik at urørte naturområde i størst mulig grad vert tekne vare på for framtida.

I Suldal er det mykje inngrepsfri natur samanlikna med Rogaland, lite om ein samanliknar med Norge.

 

Oversikt over INON-område

 

INON-områda er i tre kategoriar - område meir enn 1 (lysegrøn), 3 (grøn) og 5 km (mørkegrøn) frå næraste større tekniske inngrep. Dei raudfarga områda syner tap av INON-område i perioden 1988 til 2013.

 


Inngrepsfrie område (INON) er definert som eit areal som ligg minimum 1 km frå eit tyngre teknisk inngrep. Me kallar dei villmarksprega område om det er areal som ligg minimum 5 km frå slike inngrep. 

INON er altså ei streng, matematisk arealklassifisering bygd på konkrete, målbare kriterium, ikkje ei kvalitativ og skjønnsmessig vurdering av område. INON er difor eit godt verktøy for å vise korleis både små og store nye inngrep reduserer det vi har att av inngrepsfrie område.

 

Inngrepsfri natur minkar bit for bit


I Suldal er det mykje inngrepsfri natur samanlikna med Rogaland, lite om ein samanliknar med Norge.

I 2008 var 34 prosent av arealet i Suldal inngrepsfrie naturområde. Til samanlikning var omlag 23 prosent av Rogaland på samme tid inngrepsfritt, mens det for Noreg var 45 prosent.

Om ein ser på villmarksprega område med ein avstand på meir enn 5 kilometer frå næraste tyngre tekniske inngrep, utgjorde dette i 2008 1,1 prosent av arealet i Suldal, mot omlag 12 prosent på landsbasis. I Rogaland utgjer berre 0,31 prosent av det samla landarealet villmarksprega område, det meste av dette ligg i Suldal.

 

Energiproduksjon og landbruksdrift
Når me til trass for store fjellområde og liten folkemengd ikkje har meir inngrepsfri natur enn kva me har, skuldast dette i stor grad dei store kraftutbyggingane me har hatt i Suldal. Anleggsvegar, dammar, steintippar og kraftliner er typiske tyngre tekniske inngrep som reduserer dei inngrepsfrie områda.

Ser ein på utviklinga etter dei store kraftprosjekta kan ein sjå at tendensen er negativ (sjå kartet ovanfor). Data viser at inngrepa i hovudsak er knytt til vegbygging i jord- og skogbruket, men og til energiproduksjon. 

 

Tap av natur- og kulturarv

Store og urørte naturområde utgjer viktige leveområde for planter og dyr. Slike område er også ein viktig del av norsk friluftsliv, identitet og natur- og kulturarv. Urørte areal blir sett på som sjølve grunnpilaren i arbeidet med å ta vare på "naturleg natur", ikkje minst med tanke på kommande generasjonar.

Inngrepsfrie område blir sett på som ein ressurs både i nasjonal og internasjonal samanheng. I Noreg er det uttrykt eit mål at inngrepsfrie naturområde skal bevarast.

Naturmangfoldlova og Plan- og bygningslova er dei viktigaste verkemidla for å redusere oppsplitting av inngrepsfri natur.

Kaldavatnet nord for Hylsfjorden ligg i sone II når det gjeld inngrepsfri natur.

 

Aktuelle lenker

Miljødirektoratet: Inngrepsfrie naturområder i Norge

Miljøstatus i Norge: Inngrepsfri natur