1 Førhistorisk tid og mellomalder

Alle spor etter menneske frå før 1537 (reformasjonen) er automatisk freda. Det er registrert ei mengd med automatiske freda kulturminne i Suldal, både i fjellet og i låglandet. Arkeologar reknar med at ein i dag berre kjenner til ein liten del av denne kulturarven. Dei automatisk freda kulturminna som er nemnt her er døme som er representative og særmerkte for Suldal.

 

Sist endra 23.02.2015

I Suldal (Setesdal vesthei) er det 16 sikre funn av dyregraver. Bilete er frå Nedra Djupetjørn. - Klikk for stort bileteI Suldal (Setesdal vesthei) er det 16 sikre funn av dyregraver. Bilete er frå Nedra Djupetjørn. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Steinalder - middelalder


Dei eldste spora ein kjenner til etter menneske i Suldal er ei Nøsttvetøks frå Kjølvik frå eldre steinalder. Men fleire av dei kjende steinalderbuplassane ligg høgt til fjells, som hidleren ved Finnabuvatnet nord for Nes, 900 m.o.h. Funn i det 60 cm tjukke kulturlaget viser at det budde folk her i 1000 år.
 
Frå skiftet mellom eldre og yngre steinalder har ein økser frå Finnvik, Kjølvik, Ritland, Hiim og Høyvik. Dei andre funna skriv seg frå yngre periodar av steinbrukande tid.
Funna ligg til kysten og opp langs vassdraga. Mest interessant er Kjølvik der ein ser ut til å ha funn frå alle steinbrukande periodar. Ein trur og at Ritland - Mo - området kan ha hatt viktig busetnad i seinneolitisk tid.
Også frå fjellet i stølsområde er det spor etter steinbrukande folk, eksempel på det er steinalderbuplassen ved Mosvatnet (les meir hjå Arkeologisk museum i Stavanger, sjå lenke i høgre marg).
 
Busetnaden i bronsealderen veit me lite om, frå denne tida har ein berre to sikre funn, begge frå siste del av perioden. Desse er eit bronsesverd som vart funne i ei ur i Vanvik og ei krukke med brende bein frå den store gravhaugen i tunet på Hebnes. Elles kjenner ein fleire helleristningsfelt med offergroper på Jelsa og Asheim.
Tyngdepunktet i busetnaden i jernalderen finn me i fjord- og dalmunningane og i sjølve Suldal. I dei ytre delane har ein dei fleste busetningsspora på Hebnes, Jelsa, Fuglestein, Erøy og Foldøy, dessutan i stroket mellom Vatlandsvåg, Marvik og Rosseid, i dei indre stroka Fattnes og Suldal. Busetnaden i sjølve Suldal opp til vatnet går attende til nedre jernalder. Ved Suldalsvatnet er busetnaden størst i dalane som munnar ut her, den er yngre enn i dalen og skriv seg stort sett frå yngre jernalder.
 
Kyrkjegardane på Jelsa, Sand og Vinjar (Suldalsosen) går tilbake til mellomalderen, det same gjer den høgtliggjande øydegarden Hovestølen, Vetrhus. Å døma etter dei skriftlege kjeldene er dei fleste matrikkelgardane i kommunen busett seinast i mellomalderen.
 
Dyregraver
Ei dyregrav er ei fallgrav (om lag 2 m lang, 2 m djup og 0,7 m brei) som var dekka med kvist og mose og plassert der reinen hadde trekkveg. Gravene var murte opp av stein eller dei var laga som ei jordgrop. Leidegjerde vart sett opp for å føre dyra mot dyregrava. Dei kunne vere lagt opp av stein eller det var trekonstruksjon. Som regel gjekk gjerda diagonalt ut frå hjørna på dyregrava. Der det var fleire dyregraver var desse bundne saman med eit leidegjerde. I Suldal (Setesdal vesthei) er det 16 sikre funn av dyregraver. Me finn dyregraver ved Holmavatnet, ved Gravetjørn, Nøvletjørn, Skreivatnet, Hellevatnet og i Bågastillia.
 
Bågastille er ein oppbygd (eller utgravd) skjulestad for jegeren med pil og boge eller spyd. Bågastillet låg tett attmed trekkvegen til reinen, berre 2-12 meter unna. Eit særs fint bogastille finn me ved Heiavatnet sørvest for Sandsa.

 

Bronsealderen, frå 1.800 - 500 f. Kr

Spora etter skålgroper eller offergroper som finst nokre stader i kommunen er truleg frå bronsealderen. Skålgropene er små, runde groper som er hogde ut i fast fjell eller i steinblokker. Dei høyrer til gruppa helleristningar og er tradisjonelt kalla bronsealderristninger sjølv om ein meiner at ein del av førekomstane er noko yngre (Randers 1992).
 
Plasseringane av skålgropene er knytt til jordbruksområde eller stølsvoll og beitemark i utmarka. Desse ristningane er tolka som kultus knytt til grøderikdom, og ein trur at det må ha vore fast busetnad når desse skålgropene var i bruk. Me har slike funn på Flåtene og på Asheim på Jelsa, og på Løland.
 
Bygdeborgene Tjøstheim og på Rosseid er forsvarsanlegg frå ufredstider under bronsealderen.
 
Bautasteinar er og frå denne tidsepoken, eit fint døme finn me på Fuglasteinryggen.

 

Jernalderen, frå 500f. Kr. til 800 e. Kr

Det er nå at gardssamfunna veks fram. Frå hundreåra etter år 0, eldre jarnalder (romertida), finst det mange spor i kommunen. Gravhaugane og gravrøysene me ser er i hovudsak frå dette tusenåret før kristen tid i Noreg. Dei daude vart lagt i gravhaugar attmed garden slik at dei kunne "sjå heim att". Dei gardane som har ein gravhaug på eigedomen sin, kan difor med ganske stor sikkerheit seia at det har vore gardsdrift der sidan jarnalderen.
 
Gåvene dei fekk med seg i grava fortel om kva for status dei hadde, om rikdom og om det var kar eller kvinnfolk. Døme på gravgåver som er funne i Suldal er m.a. smykke som spenner og halskjede i bronse eller sølv og med perler lagd av glas og rav, krukker av leire og nøklar, knivar og våpen i jern. Det er og funne romerske sølvmyntar. Mønster og utsjånad på funna tyder på ein god kommunikasjon med resten av Europa.
 
Kolmiler og jernvinner er det gjort ulike registreringar av, f.eks. i utmarka til gardane Berge og Tjøredalen.
 
Gravhaugane på Ritland
Feltet er av dei mest kjende i fylket og står seg av 48 gravhaugar frå jernalderen, korav 47 er rundhaugar og 1 er langhaug. Også nabogardane Vasshus, Gadland, Nærheim, Herabakka og Førland har både gravhaugar og -røyser frå jernalderen. I haugar som er undersøkte eller på andre måtar opna er det gjort funn av knivblad, klingnaglar frå ein båt, jernsager, perler, snellehjul, leirkar o.a. (les meir hjå Arkeologisk museum i Stavanger, lenke i høgre marg).
 

På Ritland ligg eit gravfelt med ikring 40 haugar frå jernalderen. Nokre av haugane vart granska i 1896 av N. Nicolaysen, den første antikvaren i Noreg. Han fann både brende og ubrende graver med enkle gravgåver. - Klikk for stort biletePå Ritland ligg eit gravfelt med ikring 40 haugar frå jernalderen. Nokre av haugane vart granska i 1896 av N. Nicolaysen, den første antikvaren i Noreg. Han fann både brende og ubrende graver med enkle gravgåver. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Gravhaugar/røyser på Hebnes
Neshaugane mot fjorden sør for tuna er dei mest framtredande; 7 gravrøyser frå jern- og bronsealderen opptil 20 m vide og 3 m høge. Men elles er det haugar på både Varnes og Osmundsholmen, samt den store i tunet på Storstov. Sistnemnde er 30 m vid og 3 m høg, ein av dei største haugane i Ryfylke.
 
Eldre jernaldergard på Ritland
Gardsanlegg som står seg av 3 hustufter som er del av eit ringforma tun. Det er berre 7 slike anlegg i fylket.
 
Skavsteinshidleren, eit klebersteinbrot i Kjølvik/Grytemarka er tidfesta til jernalderen.

På Kallhammaren, Helland, er det på eit relativt lite område 13 gravhaugar og 1 bautastein frå yngre jernalder.

 

Vikingtid og mellomalder


Frå vikingtida er det svært sparsamt med funn i Suldal. På Fisketjøn vart det skildra 27 gravhaugar frå merovingar/vikingtid (yngre jernalder), av desse er 3 att i dag.
 

Frå mellomalderen har me det vida kjende Guggedalsloftet, der tømmeret i 2.høgda nå er datert til 1281. Dette er ein av vestlandets eldste ikkje-kyrkjelege bygningar.

Guggedalsloftet frå Bråtveit er den eldste bevarte trebygninga i Rogaland. Bygningen blei flytta til Kolbeinstveit etter at tunet blei museum. - Klikk for stort bileteGuggedalsloftet frå Bråtveit er den eldste bevarte trebygninga i Rogaland. Bygningen blei flytta til Kolbeinstveit etter at tunet blei museum. Suldal kommune, Bjarte Skipevåg.

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?