Stavanger Turistforening (Stf) har seks av sine hytter i Suldalsheiane. Suldal Turlag arrangerer turar for store og små.
Strandalshytta ligg i Dyraheio og er ei betjent hytte om somaren. Jarle Lunde/SuldalFoto.no
Med hyttene i Suldal og dei andre turistforeningshyttene i Ryfylkeheiane, manglar ein ikkje moglegheiter for lengre turar i heia. Mange vel og å gå på dagstur til hyttene, spesielt då til Stranddalshytta der ein i sommarsesongen kan få servert middag. Stiane mellom hyttene er merka. I tida rundt påske er fleire av turrutene merka med kvister.
Frå Suldal er det og kort veg til turistforeninga sitt rutenett i Sauda/Etnefjella eller på Hardangervidda.
Suldal Turlag blei stifta i 2013. Turlaget arrangerer turar, merke stiar og løyper og har dugnadsoppgåver på nokre av dei mange hyttene i Suldal.