Ørland naturreservat

Området er 66 daa og blei verna i 1984 for å ta vare på ein ask-almeskog med stor artsrikdom og innslag av sjeldne plantearter. Det blei registrert 111 arter i 1997, med fleire sjeldne og interessante arter, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Sist endra 01.01.2016

Ørland naturreservat ligg i ei bratt sørvendt li på nordsid av Hylsfjorden. Vegetasjonen består av artsrik alm-lindeskog. - Klikk for stort bileteØrland naturreservat ligg i ei bratt sørvendt li på nordsid av Hylsfjorden. Vegetasjonen består av artsrik alm-lindeskog. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 
Kartet viser naturreservatet. Du kan dra og zoome i kartet. Fleire karttema kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  

 

Generell omtale av naturreservatet (frå Naturbase 2015)
Myske er ein av artane ein finn i naturreservatet. - Klikk for stort bileteMyske er ein av artane ein finn i naturreservatet. Jarle Lunde/SuldalFoto.no "Bratt S-helling. Ask-almeskog med lind, litt hengjebjørk og underskog av hassel. Feltsjiktet er frodig og artsrikt med junkerbregne, skjel- rot, breiflangre, mellomtrollurt og vårmarihand. I opningar finst tørrenger med kung, mørk kongslys og gulskolm, og strandbergsamfunn. Floraen er rik og samansett. Vårmarihand, grov nattfiol, mellomtrollurt, junkerbregne, fuglereir, breiflangre, skjelrot, myskemaure, fjellmarinøkkel og kung. Mange regionalt sjeldne artar. Feltsjiktet er flekkvis litt beitepåverka." 

 

Meir om området og botaniske registreringar i området finn du her:

 

Frå vernereglane:

  • Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging.
  • Det er forbode å fjerna planter frå reservatet - nye planteareter må ikkje førast inn.
  • Det må ikkje setjast i gong arbeid som kan endra dei naturlege vekstvilkåra.
  • Gjødsling og bruk av kjemiske middel er ikkje tillatt
  • Sanking av sopp og bær, bruk av skogen til beite og vedhogst er tillatt

Reservatet startar i fjæra. - Klikk for stort bileteReservatet startar i fjæra. Jarle lunde/SuldalFoto.no

 

 

 

Fann du det du leita etter?