Kulturminne og kulturlandskap

Suldal har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider. I høve til fylket totalt markerer kommunen seg ut med sitt høge tal registrerte kulturminne frå nyare tid, og skil seg ut både med særs mange og særs fine og velbevarte kulturminne, herunder fleire heilskaplege miljø.

Det er godt å kvila seg på stølen Longhaug i Hamrabøheia. Stølen har den dag i dag mykje av det opprinnelege preget. - Klikk for stort bileteDet er godt å kvila seg på stølen Longhaug i Hamrabøheia. Stølen har den dag i dag mykje av det opprinnelege preget. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Kulturminna våre representerer nasjonale verdiar. Dei synlege uttrykka for livsformer i eldre tider hjelper oss til å oppleva fortida, dei skaper forståing for samanhengen mellom generasjonane og forklarar vår eiga tid sitt levesett.


kulturminneplan-suldal-skjerm-2006 - Klikk for stort bilete Ny kulturminneplan i 2018

"Kulturminneplan for Suldal" blei vedtatt i juni 2018. Forutan å vera eit oversyn over kulturminne og kulturarv i kommunen, skal planen også vera eit styringsdokument som kan nyttast i saker til administrativ og politisk behandling, t.d. i byggesaker, tiltak i landbruket og til prioritering av søknader om tilskot til å ta vare på kulturminne.

 

 

 

 

Kart over arkeologiske kulturminne


Kartet viser registrerte arkeologiske kulturminne. Du kan dra og zoome i kartet. Trykk på symbol om du ønskjer meir informasjon om eit spesielt kulturminne.

 

Kart over eldre bygningar (SEFRAK)


Kartet viser eldre bygningar (i hovudsak eldre enn år 1900) som er registrert som kulturminne i det såkalte SEFRAK-registeret. Du kan dra og zoome i kartet. Trykk på symbol om du ønskjer meir informasjon om eit spesielt kulturminne.

 

Eldre dokument

 

 

Kvednhusa er ofte små tømra bygningar og det kunne ligge fleire etter kvarandre langs bekken. Dei fleste gardane hadde eigne kvernhus. Bildet er frå Kvednahola der gardane Ritland, Vasshus og Førland hadde kvernene sine. I dag er Kvednahola verna som museum. - Klikk for stort bileteKvednhusa er ofte små tømra bygningar og det kunne ligge fleire etter kvarandre langs bekken. Dei fleste gardane hadde eigne kvernhus. Bildet er frå Kvednahola der gardane Ritland, Vasshus og Førland hadde kvernene sine. I dag er Kvednahola verna som museum. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Fann du det du leita etter?