Verna vassdrag

I 1960 kom det første initiativet frå Stortinget for å utarbeide ein verneplan for vassdrag. Gjennom fire verneplanar i tidsrommet 1973-1993, samt ei supplering i 2005, er 393 vassdrag vedtatt verna. Fem av desse ligg heilt eller delvis i Suldal.

Svinstølvatnet i Hamrabøvassdraget Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Dei fem verna vassdraga som ligg i Suldal:

Dei tre først finn du meir informasjon om i menyen. Hustveit- og Vikedalsvassdraget er omtalt hjå NVE:

Forvaltning av vassdraga

Målet med vernet er at aktivitet innanfor vassdraga ikkje skal redusera verneverdiane og at myndigheitene på ulike plan har styring med og kjennskap til kva som skjer. Heile nedbørsfeltet er verna. 

Formelt er vassdraga berre verna mot kraftutbygging. Stortinget har likevel sagt at ein generelt må unngå inngrep som kan redusere verneverdiane i vassdraga. Det er difor utarbeid  "Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag" med heimel i Plan- og bygningslova. Retningslinene gjeld for vassdragsbeltet, dvs. hovudløp og sideløp, sjøar og tjørn, og eit område på inntil 100 meter langs sidene av desse, samt andre delar av nedbørsfeltet som har innverknad på verneverdiar i vassdraget.

Kraftutbygging

Verna vassdrag er verna mot kraftutbygging. Bygging av mindre kraftverk kan likevel vere aktuelt dersom utbyggingane openbart ikkje kjem i konflikt med verneformålet. I praksis har ein lagt opp til at kraftverket sin slukeevne ikkje må være meir enn 10-15 % av middelvassføringa og at det skal vere ei minstevassføring lik alminneleg lavvassføring.

I dei verna vassdrag i Suldal er det mindre kraftverk i Hamrabø og Hålandsvassdraget. Det har vore reist spørsmål om kor mange kraftverk som kan byggast i eit vassdrag som er verna. Sjølv om ulempene med kvart enkelt kraftverk isolert sett er små, skal den totale verknaden av kraftverka vegast opp mot vernet. Som følgje av dette har NVE konkludert med at ytterlegare bygging av mindre kraftverk i Hålandsvassdraget og sannsynlegvis Hamrabøvassdraget vil kunne vere i strid med vernet.

 

Aktuelle lenker