Fisk og fiske

Suldal er ein god stad å vere for den som likar å fiske. Suldalslågen og Hålandselva er gode lakselver. I vatn og vassdrag elles er aure nær sagt einerådande. Mange stader kan ein få storfisk på kroken, men vatn med småfallen fisk er meir vanleg.

Forholda for fisk og fiske i ferskvatn er generelt god i kommunen. Det finst likevel negative faktorar som forsuring, overbefolkning, kraftutbygging og innføring av nye artar.

Sist endra 27.09.2015

Fiskelykke i heia. - Klikk for stort bileteFiskelykke i heia. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

8 fiskeartar

I vatn og vassdrag er aure nær sagt einerådande, men nokre stader er det registrert andre artar: røye, kanadisk bekkerøye, ål, karuss, 3-pigga stingsild, skrubbeflyndre og laks.

 

Fiske i elv

For fiskeinteresserte er Suldalslågen kjend som ei storlakselv. Etter at ein opna for fiske etter aure på forsommaren, har ein og oppdaga at elva har stor aure (brunaure). Sjå eigen artikel om Suldalslågen.

Også i Hålandselva er det oppgang av sjøaure og laks. Den laks/sjøaureførande strekninga er no om lag 6 km med gode forhold for gyting og oppvekst.

 

Fiske i vatn


Kommunen har svært mange fiskevatn og kommunen sine innbyggjar har gode tilhøve for å utøve innlandsfiske sjølv etter norsk målestokk. Du kan finne vatn som ligg rett i vegen og vatn du må gå tre timar for å komme til. Du finn vatn kor småfisken er lett å få på kroken og vatn kor fisken er stor når du får han." Det er Odden og Telstad (1998) som skriv dette i ein rapport som gir ei samanstilling av tilgjengelege data som plassering, grunneigartilhøve, vasskvalitet, fiskebestand med meir for 80 vatn i Suldal kommune. Rapporten er gammal og fiskebestandane har nok endra seg sidan 1998. Generelt er ph no høgare og vatn med ein tett bestand har økt. 

 

Suldalsvatnet
Suldalsvatnet er kjent som plassen du kan få storfisk på kroken. Største auren som er fiska her var på 11 kg, denne vart fiska i 1996. Innsjøen har en tett røyebestand og en fin aurebestand. Kvar sommar blir det arrangert fiskefestival i vatnet.

 

 

. - Klikk for stort bilete Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

 

Fiskekort


Retten til fiske ligg hjå grunneigar. Innafor rammene satt i lov og forskrift er det difor grunneigar som avgjer om ein skal kunne fiske, korleis ein kan gjere det og når. Det er likevel eit prinsipp i lovverket at det skal leggjast til rette for jakt og fiske for alle så langt som mogleg.
 
Sjølv om det hadde vore ønskeleg er det i ein så stor kommune som Suldal vanskeleg å få laga eit felles fiskekort. For å fiske i vatn i Suldal må du ha kjøpt fiskekort for området/vatnet du vil fiske i.  Frå og med sesongen 2012 kan du kjøpe fiskekort for vatn i Suldal på www.inatur.no.

Medlemskortet i Stavanger Turistforening gjeld som fiskekort i alle fjellvatn nær deira turstiar. 

 

Hugs også:

  • Der det ikkje er organisert kortsal må ein spørje grunneigar om lov til å fiske.
  • Barns rett til gratis fiske.
  • For innlandsfiske gjeld ikkje lenger den statlege fiskeavgifta (gjeld berre for laks og sjøaure).

 

Vatn i ulage - ulike problem

 

Sur nedbør og fiskedaude
I følgje Miljøstatus i Rogaland er sur nedbør skuld i dei alvorlegaste skadane på naturen i fylket. Den mest kjende konsekvens er fiskedød. I Suldal har me ikkje vore råka av sur nedbør på same måte som store delar av fylket elles. Ei vassundersøking i 2002 viste at 4 av 40 undersøkte lokalitetar var tydeleg påverka av forsuring med pH-verdiar lågare enn 5,5. Generelt viser undersøkinga at forsuringstilstanden betrar seg. Fleire vatn som ein trur har blitt fisketomme pga forsuring er i dag, kjemisk sett, klare for reetablering av aure.
Du kan lesa meir om forsuring under menypunktet "Vatn".
 
Småfallen fisk
Småfallen fisk. - Klikk for stort bilete Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

Overbefolka vatn med småfallen fisk er naturleg. Ut i frå eit fiskeperspektiv er det likevel ikkje ønskjeleg med ein slik tilstand.
Årsakene til overbefolkning er normalt gode gytetilhøve kombinert med lite fiske. Då blir det for mange fisk til å dela på matressursane, og kvar enkelt fisk vil vekse seint, bli tynn og av dårleg kvalitet. I slike vatn må ein ofte fiske hardt med småmaska garn gjennom fleire år for å få betre storleik og kvalitet på fisken.

Av dei 80 vatna omtala av Odden og Telstad (1998) var 20 vatn såpass prega av overbefolkning at gjennomsnittsvekta på fisken låg rundt eller under 100 gram. I tillegg var bestanden for tett i ennå 15 vatn slik at gjennomsnittsvekta på fisken ikkje var over 150 gram.
 
Det er venta at overbefolka vatn kan auka. Bakgrunnen for dette er at mindre sur nedbør kan gi betre oppvekstforhold for yngel. Samtidig vert det mange stader fiska mindre enn før.

 
Kraftutbygging
Suldal er ein kraftkommune med store reguleringsmagasin og vassdrag med sterkt redusert vassføring. Dette påverkar fisk og fiske. Gyteforholda blir endra og produksjonen av botndyr minkar. Så lenge aure er einaste art kan den delvis kompensera tap av botndyr ved å ta ein større del dyreplankton.

Du kan lesa meir om kraftutbygging under menypunktet "Vatn".
 
Utsetting av framande artar
Heilt sidan tidleg busetjing har menneske auka utbreiinga av fiskeartar for å sikra mattilførsel. Slik har me fått aure spreid utover den opprinnlege utbreiing, mellom anna opp på fjellet. I Suldal er det stort sett aure som utgjer fiskesamfunna.
 
I Sør-Noreg har me i dag ei ukontrollert spreiing av nye fiskearter som utgjer ein stor trussel mot opprinneleg fiskefauna og ferskvannsøkologi. For å kunne ta vare på desse naturlege fiskebestandane og bevare det biologiske mangfaldet, må spreiing av fiskeartar stansast. Utan særskild samtykke frå fylkesmannen er det difor forbode å sette i gong kultiveringsarbeid eller å sette ut fisk, rogn eller yngel i norske vatn og vassdrag.
 
Småfallen røye og aure fanga i Mosvatnet. - Klikk for stort bileteSmåfallen røye og aure fanga i Mosvatnet. Gullingen leirskule

Me har røye i fleire vatn i Suldal. Den kan danne tette bestandar og kan utkonkurrere aure. Etter å ha garnfiska fleire tusen aure i Mosvatnet sidan 1986, har Gullingen leirskule etter 2003 også fått nokre få røyer. Det er vanskeleg å forstå anna enn at desse er sett ut i vatnet.
 
På grunn av forsuring av vatn blei det i tida etter 1980 utsett kanadisk bekkerøye fleire stadar i Sør-Noreg. Dette er ein art som toler surt vatn betre enn aure. Arten har ein sterk trong til å vandre frå lokaliteten den blei sett ut og kan difor lett spreia seg til nye vassdrag. Etter utsetjingar i Aust-Agder finn me i dag arten i Blåsjø og i Pøylåna nordaust for Blåsjø. Kanadisk bekkerøye er ein flott sportsfisk og god matfisk.

 
Utsetting av aure er heller ikkje uproblematisk. Det er kjend frå Suldal at det tidlegare er utsett aure i tjern kor det var stor salamander. Resultatet av dette har vore at salamanderen har forsvunne frå lokaliteten. Stor salamander er oppført på raudlista i Noreg.


Kommunen skal sikre fiskemoglegheitene


Etter Røldal-Suldal og Ulla-Førre reguleringane blei det oppretta eit fiskefond som skal nyttast til innlandsfiske i Suldal kommune. Med dette har ein høve til å gjere ein god situasjon endå betre.
 
Grunnleggjande i dette arbeidet er å skaffe seg ein god oversikt over fiskeressursane i kommunen. Prøvefiske er viktig i denne samanheng. Fiskestellstiltak slik som utsetting av aure må bygge på ein grundig kjennskap til tilhøva i vatnet. Dernest er det viktig å nytte denne kunnskapen til konkrete tiltak på ein slik måte at flest mogleg får nytte av dei. Tynningsfiske i overbefolka vatn og utsetting av aure i vatn som tidlegare har vore ramma av sur nedbør, er svært aktuelle tiltak.


I det heile er det ikkje naudsynt med konkrete fiskestellstiltak i særleg mange vatn i Suldal kommune. I alle høve er det vanskeleg å sette i verk tiltak utan at det kjem initiativ frå grunneigar.
 
Eit godt tilrettelagt fritidsfiske gir eit styrkja aktivitstilbod for både innbyggjarar og reiseliv. For å få fleire til å oppdage den flotte ressursen me har i Suldal, er det viktig med god informasjon om tilbodet.


På lik linje med andre interesser skal kommunen ivareta fiskeinteressene i kommunen sitt ordinære planarbeid.
 

Aktuelle lenker

 

 

 

Fann du det du leita etter?