Båtliv

Fjordane ligg og ventar på deg som søkjer naturopplevingar knytt til sjøen. Her kan du få alle dei vanlege fiskane på kroken, eller du kan ta deg ein dukkert. 

 

Sist endra 07.10.2015

Strandhogg på tilrettelagt plass i Sjubbeholsvågen, Ropeidhalvøya.  - Klikk for stort bileteStrandhogg på tilrettelagt plass i Sjubbeholsvågen, Ropeidhalvøya. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

. - Klikk for stort bilete Jarle Lunde/SuldalFoto.no Fjordane i Suldal har mykje å by på for deg som er båtfrelst! Du kan velje mellom småøyar og vikar ytst i fjordane våre, og steile og bratte fjordar lengst inne i kommunen. 

 

Båthamner

På vegen rundt i Suldal kan du gjere strandhogg i ei av båthamnene. Desse finn du på Sand, Marvik, Vatlandsvåg, Jelsa, Erøy og Hålandsosen. Dei er nærara omtalt under eige menypunkt på nettsidene til Suldal turistkontor.

 

Uthamner og badeplassar

Du finn og uthamner tilrettelagt for båtliv. På vegen rundt i Suldal kan du gjere strandhogg i ei av dei mange uthamnene, m.a. Sjubbeholsvågen i Vatlandsvåg, Skaholmen/Berge og Barkeneset i Økstrafjorden. Desse stadene er mykje nytta om sommaren. Det er og tilrettelagt fleire badeplassar. Les meir hjå Ryfylke friluftsråd.

 

Segla med Brødrene?

Lyst å segla med ei skute frå 1800-talet? Det er det moglegheiter til om du blir med "Brødrene af Sand". Les meir hjå Venneforeninga.

Brødrene af Sand. - Klikk for stort bileteBrødrene af Sand. Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

 

Kulturhistorisk båtkart
 

Skal du feriere med båt i Ryfylke? Då må du få med deg kulturhistorisk båtkart for Sauda og Suldal! Last ned kartet og les meir om dei stadene du kan reise innom med båt, kva dei var før og kva dei er i dag. 

Brosjyren er laga av Ryfylkemuseet i samarbeid med Suldal Turistkontor og Sauda Ferie og Fritid. Om du vil ha kartet på papir, kan du kontakte Suldal turistkontor.
 

Lovrafjorden. - Klikk for stort bileteLovrafjorden. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 

Fann du det du leita etter?