Geologi og landskapsformer

Tekst: Alf Odden
Den store variasjonen vi finn i dagens landskap i Dyraheio, har ei lang og interessant geologisk forhistorie. Som mange andre stader i Ryfylke har berggrunnen den vanlege ”blautkakestrukturen”, kor eit lag med laus og næringsrik fyllitt ligg mellom to harde lag med grunnfjell. Det er i denne tredelinga vi finn årsaka til både det dramatiske landskapet og det rike plantelivet. Samstundes kan Dyraheio by på fleire geologiske godbitar. 

 

Sist endra 15.08.2015

Ein kjend geologisk formasjon i Dyraheio er Smørslagjo som ligg i Stranddalen. På det breiaste er det eit kvartslag, elles er den av fyllitt.  - Klikk for stort bileteEin kjend geologisk formasjon i Dyraheio er Smørslagjo som ligg i Stranddalen. På det breiaste er det eit kvartslag, elles er den av fyllitt. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Grunnfjellet


I det nedste laget i blautkakestrukturen finn vi grunnfjellet. Overflata til grunnfjellsområda var i utgangspunktet relativt jamn og flat og er restar etter det såkalla ”subkambriske peneplanet”.  Ei  flate som blei danne for om lag 600 millionar år sidan, da vær og vind hadde tæra ned store delar av fjellkjedene frå urtida.  Rester av denne gamle flata kan ein finne mange stader, men særleg tydeleg er den på Veneheia, vest for Grasdalen og i Leirdalen. Sjølv om det kan være freistande, så blir det for enkelt å berre kalle grunnfjellet for grunnfjell. I Dyraheio består dette laget av ei lang rekke ulike bergartar, og nokre av desse grunnfjellsområda er interessante sjølv for geologane. Dette gjeld særleg områda i søraust mellom Leirdalen og Hellevatn, og eit område i nord ved Sandvassbrekka.

Geologisk kart over område. Det grøne viser område med fyllitt og glimmerskifer som er årsaka til det rike plantelivet i Dyraheio. Lenke til geologisk kart finn under. - Klikk for stort bileteGeologisk kart over område. Det grøne viser område med fyllitt og glimmerskifer som er årsaka til det rike plantelivet i Dyraheio. Lenke til geologisk kart finn under.

Viss vi startar i sørvest så består grunnfjellet ved Stranddalen, Veneheia og inn mot Breiavad av ein granittisk gneis som er ei overgangsform mellom dei to vanlegaste grunnfjellsbergartane gneis og granitt. Lengre aust på Storsteinsheia og opp mot Grasdalsheia og Nøvlenuten, består grunnfjellet av ein relativt grovkorna granitt. Når ein kjem aust mot Skorpa blir geologien meir variert. Her kjem det inn fleire felt med meta-andesitt og dioritt saman med granitt, og når ein kjem nord for Krossvatn og Grjotdalen, er det meta-andesitt som tek over som den dominerande grunnfjellsbergarten.Frå Leirdalsvatna og nordover kjem ein inn i eit nytt felt med granitt. Slike felt med grovkorna granitt finn ein nå mange stader i dei lågareliggande delane av heia heilt opp til Bleskestadmoen. Ved Bleskestadmoen finn ein og eit nytt felt med dioritt. Lengst nord i Dyraheio endrar grunnfjellet på nytt karakter. Her kjem vi inn i eit område som hørar med i den såkalla Telemarksformasjonen. Desse bergartane er lett å kjenne att ettersom dei ulike laga står på høgkant og dannar tydelige striper i terrenget. Aller tydelegast ser ein dette i områda ved Sandvassbrekka. Her finn ein vekselvise stripar med bergartar som kvartsporfyr, amfibolitt, metagabbro og lyse gneisar.

Granitt er nok den vanlegaste grunnfjellsbergarten i Dyraheio. Den er ein vulkansk djupbergart som er lett gjenkjenneleg ved at mineralkorna er godt synelege, og at de ikkje dannar noko fast mønster. Granitten i Dyraheio  er i tillegg relativt grovkorna. Fargen er som regel grålig, men kan variere frå raudleg til nesten svart. Dioritt er og ein vulkansk djupbergart som liknar ein del på granitt. Den har og tydelege korn, men er som regel lys i fargen. Kvartsporfyr er ein vulkansk dag eller gangbergart. Den er i hovudsak finkorna, men med enkelte større korn som skil seg tydeleg ut. Meta-andesitt er ein omdanna bergart som har den vulkanske bergarten andesitt som utgangspunkt. Andesitt vart danna når lava størkna nær jordoverflata. Meta-Andesitt har ein grå farge og er utan struktur. Amfibolitt er ein omdanna (metamorf) bergart som opphavleg har vore ein vulkansk bergart. Den består av fleire mørke næringsrike mineralar og gjev derfor grunnlag for eit rikare planteliv.

Dei fleste grunnfjellsbergartane, bortsett frå amfibolitten,  er harde bergartar som forvitrar seint. Dette betyr at steinen i liten grad brytast ned til sand og grus som kan gi gode vekstvilkår for planter. I tillegg er grunnfjellsbergartane  ofte næringsfattige slik at det berre er dei nøysame plantene som vil trivast i slike område.

Fyllitt og glimmerskifer som utgjør laget over grunnfjellet har ganske andre eigenskapar. Som det lokale namnet ”råtafjell”  tydar på forvitrar fyllitt svært lett og gir opphav til et tjukkare jordsmonn. Elles er særlig den mørke fyllitten rik på kalk, magnesium og andre viktige næringsstoff som alle planter sett pris på. Derfor vil vi i fyllittområda finne ei rekke planter som stiller store krav til næringstilgang, og derfor ikkje vil finne livsgrunnlag i grunnfjellsområda. 

Rasmark med fyllitt gir grobunn for eit rikt planteliv. Her finn ein mellom anna fjellsmelle og reinrose. - Klikk for stort bileteRasmark med fyllitt gir grobunn for eit rikt planteliv. Her finn ein mellom anna fjellsmelle og reinrose. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

I Dyraheio finn ein fyllitt og glimmerskifer heilt oppe i overflata i store samanhengande område. I sør dekker fyllitt heile Pjåkevassheia og store område på begge sider av Vestre Kaldevatn. Her dekker fyllitten mest heile bredda av verneområdet frå Sletthei i vest til Leirnuten i aust. Mot aust finn ein og fyllitt i Litlafjellet og Grønafjell. Dette fyllittområde strekk seg nordover forbi Snønuten og Austre Kaldafjell og fram til Raudnuten. Lengre nord finn ein fyllitt og glimmerskifer meir flekkvis, men det er store felt med desse bergartane både i Krokevassnuten, Meien, Storhedderfjell og Hongsnuten.

 
Strandalsgubben finn ein i fyllittbelte. - Klikk for stort bileteStrandalsgubben finn ein i fyllittbelte. Jarle Lunde/SuldalFoto.no Fyllitt er ein omdanna eller metamorf bergart. Utgangspunktet er leire som ble avsett i havområda som overfløymte det ”subkambriske peneplanet” for om lag 600 millionar år sida. Leirlagane vart stadig tjukkare  gjennom heile kambrosilur perioden som varer i om lag 200 millionar år, og etter kvart som trykket aukar blir leira forsteina til avsetningsbergarten leirskifer. Under den  ”Kaledonske fjellkjedefolding”. for om lag 400 millionar år sidan foldes jordskorpen og det oppstår en stor fjellkjede over det meste av Vest-Noreg. Nå føres leirskiferen lengre under overflaten og på grunn av aukande trykk og temperatur omdannes den til fyllitt og nokon gongar vidare til glimmerskifer.


Skyvedekket


I samband med den ”Kaledonske fjellkjedefoldinga” vart også  eldre grunnfjellsbergartar skyvd over den yngre fyllitten. Denne ”høgfjellsetasjen” eller ”skyvedekket” som den også kallas består i hovudsak av ulike typar gneis.  Mykje av skyvedekket har forvitra bort, men Dyraheio finn vi restar av det på fleire av dei høgaste toppane. Store deler av Såta og områda nord for Såtevatn består av gneis. Det gjer og toppane av Leirnuten, Kringlenuten og Austre Kaldefjell. Eit stor område med gneis dekker og toppen av Skåranuten, Raudfjell og Neverhatten, mens eit mindre område dekker toppen av Dyrskarnuten. På Snønuten og Vestre Kaldafjell finn ein og ein rest av skyvedekket, men her finn ein i tillegg til gneisen også ein del overskjøvene djupbergartar.

På dei stadene kor ein finn restar av skyvedekket, fungerer dei harde bergartane  som et lokk som beskyttar dei mindre harde  laga med fyllitt som ligger under. Her blir det ofte danna bratte skrentar med store rasmarker under. På grunn av den beskyttande effekten til dei harde bergartane i skyvedekket er det inga tilfeldigheit at alle dei høgste toppane i Dyraheio har eit slik topplokk med harde bergartar.

Gneisen i skyvedekket har omtrent dei same eigenskapane som granitten når det gjeld grunnlag for plantevekst. Bergarten forvitrar seint og gir opphav til et skrint og næringsfattig jordsmonn.  Gneis er ein sterkt omdanna bergart som kan ha sitt utgangspunkt i mange andre bergartar. I gneisen er de enkelte mineralkorna ikkje synlege, men den kjennes lett att ved at dei dannar tydelig band og striper ofte med forskjellig farge.


Landskapsformer og lausmassar


Etter den store fjellkjedefoldinga, startar nedtæringa av dei høge fjella. For 66 millionar år sidan glir landplatene til Grønland og Noreg frå kvarandre og Atlanterhavet og Norskehavet blir danna. I samband med dette vart Vestlandet heva opp minst 1000m. Dei siste to millionar år har fleire istider og utallige elver og bekkar tæra på fjella og forma det landskapet vi finn i dag.

I Dyraheio finn ein mange spor etter isen og vatnet sitt arbeid. Isen har skura nokre område heilt frie for lausmassar, mens den har lagt att store mengder sand og grus andre stader. Ved Stranddalen, Mostøl og Bleskestadmoen har isen grove ut store gryter, mens dei amfiforma grytene ved Botnavatnet og Svartavatnet er gode eksempel på arbeidet til mindre botnbrear. Elles har ein kombinasjon av is og vatn grove ut den markerte dalen frå Moltenuten til Mostøl. Nokre stader gjorde svake soner og sprekkar i fjellet arbeide lettare for is og vatn. Ein slik sprekk går i nord-sør retning frå Kyrkjesteindalen, Vestre Kaldavatn, Grasdalen til Gautejuvet. Mens ein annan går aust-vest frå Kaldejuv, Vassdalane, Gravetjønn, Krossvatn, Grjotdalen til Holmavatnet.
Ei av dei mest iaugefallande landskapsformene i Dyraheio er Kaldejuv. Juvet er som ei to kilometer langt øksehogg gjennom fjellryggen mellom Vestre Kaldavatn og Kvildalsdalen. Kantane på juvet er stupbratte og botnen er overstrøydd med store steinblokker. I dag renn det mest ikkje vatn i Kaldejuv, men det er likevel mest truleg vatnet som ein gong grov ut denne landskapsforma. Akkurat som det meir berømte Jøtulhogget vart Kaldejuv danna når ein bredemd sjø plutseleg fekk avløp og enorme vassmengder strøyma ut. Ut frå lausmassane som ligg at inne i heia, ser det ut til at det mot slutten av siste istid låg ein stor bredemd innsjø ved Vestre Kaldavatn. Isdemningar stengte avløp mot sør og vest slik at vatnet til slutt fant vatnet vegen mot vest og ut i Kvildalsdalen.

Kaldejuv er som ei to kilometer langt øksehogg gjennom fjellryggen mellom Vestre Kaldavatn og Kvildalsdalen. Her blir skiløparen liten. - Klikk for stort bileteKaldejuv er som ei to kilometer langt øksehogg gjennom fjellryggen mellom Vestre Kaldavatn og Kvildalsdalen. Her blir skiløparen liten. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Lausmassane i Dyraheio består i hovudsak av morenemateriale som vart att etter breen etter siste istid. Det er både snakk om botnmorene som vart avsett på undersida av isen, og ablasjonsmorene som er restar etter lausmassar som låg inne i eller oppe på isen. Kjenneteiknet på morene er at både stein, grus, sand og leire er blanda saman utan noko system, samstundes som småstein og grus har skarpe kantar og i liten grad ber preg av å væra slipa av vatn. Morenedekket i området er for det meste svært tynnt. Det kan mellom anna sjå ved at det stikk opp knausar med fast fjell mange stader. I mange av dei bratte skråningane ein finn i Dyraheio består lausmassane av rasmateriale. Her er det særleg den lause fyllitten som er opphav til rasmarkane. Nokre stader langs dei større vassdraga finn ein og elveavsetningar som er ei tredje form for lausmassar. Desse består av grus og sand som er slipa og sortert av rennande vatn. Slike elveavsetningar finn ein mellom anna ved Bleskestadmoen og mellom Krokevasstølen og Gaukstøl.

 

Aktuelle lenker

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?