Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Tur- og skiorientering

Tur- og skiorientering er ikkje ein konkurranse. Det handlar om å finne utlagte postar med hjelp av kart og kompass. Du bestemmer sjølv tempoet og når det passar best. Dette er familievennleg! Det er Suldal O-lag som tilrettelegg løypene.

 

Skiorienteringa er normalt frå februar til etter påske og er lokalisert til Mosvatnet/Gullingen området. Eit enkelt kart med dei innteikna postane får du hjå 

Turorientering.

Gullingen Turistsenter, Sand Sport og Turistinformasjonen. Tilbodet har så langt vore gratis.
 
Turorienteringa er lokalisert på ulike stader frå år til år. Det er fleire løyper. Deltakaren kjøper ein konvolutt som innehalde kart, kontrollkort, instruksjonsbrosjyre og orientering om opplegget.

 
Turorienteringa er normalt frå og med juni til oktober. Deltakarkonvolutt kan du kjøpe hjå Sand Sport, Livi Suldalsosen, Gullingen Turistsenter og Turistinformasjonen.
 
Det er laga 15 ulike tur- og orienteringsskart i Suldal kommune.

 

Aktuelle lenker