Hytter på statsallmenningen
Fjellstyret disponerer fire hytter som blir utleigde. Det ligg to i Steinkilen, og ein kvar i
Grotdalsneset og i Breiavad. Alle hyttene er godt utstyrte med propan, ved, solcellepanel,
service etc.
Fiske
Statsallmenningen har fleire gode fiskevatn, mellom anna Kringlevatnet, Krossvatnet og Gravetjørn. Det må løysast fiskekort. Dette kan du gjere online på Inatur.no.
For Blåsjø blir det selt eige kort som gjeld heile den statseigde del av vatnet.
Villrein- og småviltjakt
Fjellstyret sel kort på reinsjakt til innbyggarar i "gamle Suldal". Talet varierer frå år til år.
På statsallmenningen finst det ein del småvilt. Det er særleg rypa som er attraktiv, men her finst både hare, rev og andre mindre rovdyr som er jaktbare. Det er ikkje lov å jakta med hund. Du kan kjøpe jaktkort mellom anna online på Inatur.no.

Meir informasjon
Suldal fjellstyre utgir kvart år eit hefte med oppdatert informasjon om dei tema som er omtalt ovanfor. Her finn du og reglar, prisar, søknadsskjema for reinjakt, årsmelding med meir.S