Friluftsliv

Drotningheia er tilgjengeleg som turområde frå fleire kantar. Frå Grov går det ein markert sti først på ein traktorveg og så vidare på god sti til Storurtjørn. Stien held fram opp til Søtehei med ein topp på 863 meter over havet, men som ligg utanfor verneområdet. Det er dårleg med parkeringsplassar knytt til denne turen.

Sist endra 14.08.2015

Ein del av Drotninghei sett frå Søtehei. Sandvatn midt i bildet. - Klikk for stort bilete Vidar Lunde/SuldalFoto.no

 

I dag vert Drotningheia brukt mye til hjortejakt. Hjorten held seg mye i det høgste området på dagtid, og gjerne i dei brattaste liene eller i dei mest skogtette stroka. Jakta er difor svært vanskeleg, men kan gje stor spenning ettersom det i periodar kan være mye brøling i den mest intense brunstperioden.


Det er nokre fiskevatn i Drotningheia. I Storurtjørn og eit lite tjørn ovanfor Sandvatn er det mykje fisk som er jamt over liten og av variabel kvalitet. Det kan nok vera ein og annan større fisk her, men då helst lang og tynn. Det er oftast mykje vak i desse vatna. I Sandvatn skal fisken vera stor, men her er det svært sjeldan å sjå vak. I Stemtjørnane og i Vårstølstjørna har det vore fisk tidlegare, men på 1990-talet var det svært surt vatn der, og auren har truleg forsvunne grunna dette.

 

Fann du det du leita etter?