Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn logo.jpg - Klikk for stort bilete

Ein av strategiane i Suldal kommune sin klima- og energiplan var å melda seg inn i stiftinga Miljøfyrtårn. Det er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentera miljøinnsats og samfunnsansvar.

 

Sist endra 27.09.2015

For å bli godkjend som Miljøfyrtårn-bedrift må verksemda oppfylla visse spesifiserte krav som er tilpassa kvar bransje. Det skal leverast årlege miljørapportar og bedrifta må re-sertifisera seg på nytt kvart tredje år. Det blir stadig vanlegare å krevja at bedrifter er miljøsertifiserte i samband med anbod m.v.

Ved å melda seg inn i Miljøfyrtårn og å ha sin eigen sertifisør (frå 2014), har Suldal kommune lagt til rette for, og vil oppmoda bedrifter i Suldal til å skaffa seg denne sertifiseringa. Samstundes har kommunen gjennom sin klima- og energiplan forplikta seg til å sertifisera eigne område (t.d. kontor, skular m.v.) som Miljøfyrtårn. Ryfylkemuseet vart i 2014 den første Suldalsbedrifta som kunne smykka seg som Miljøfyrtårn-bedrift. 


Denne artikkelen er henta frå 

 

Aktuelle lenker

Fann du det du leita etter?