Kraftverka gjev gode inntekter til grunneigarar og fallrettseigarar, og hjelper til med å halda busetjinga i kommunen oppe. På den andre sida gjer desse inngrepa sitt til at kommunen tapar noko av naturkvalitetane sine.
Årleg statusrapport
LMT-utavalet gjorde eit vedtak i 2006 om at det her på Miljøstatus skal gjerast opp ein enkel statusrapport som syner omfanget av småkraftverkutbygginga i Suldal. Rapporten skal syna kva konsekvensar utbygginga har hatt for det biologiske mangfaldet, friluftslivet, kulturlandskapet og produksjon.
Oversikt over kraftverk og planlagde kraftverk
Kartet viser kraftverk, inntak og vassveg. Du kan flytte og zoome i kartet. Trykk på kraftverk (firkant) for å få meir informasjon. Kjelde: Geonorge
Kort om sakshandsaminga
Før bygging av eit kraftverk tek til, må utbyggjar ha fått vurdert om tiltaket treng konsesjon (løyve) etter vassressurslova. Ei utbygging treng konsesjon dersom den kan vere til nemnande skade eller ulempe for nokon allmenne interesser i vassdraget. Dette må vurderast individuelt.
Dersom det er klart at tiltaket må ha konsesjon, må søknad sendast NVE. Dersom dette ikkje er klart, må tiltakshavar sende melding til NVE, med tilstrekkelege opplysningar til å avgjerde konsesjonsplikta. For planar som ikkje treng konsesjon etter vassressurslova tar kommunen over den vidare sakshandsaminga etter plan- og bygningslova.
Retningslinjer for sakshandsaming av kraftverk i Suldal
(frå "Kommunedelplan for klima og energi, Suldal kommune 2012 -2017":)
Hamrabø mikrokraftverk, kraftstasjon.
Jarle Lunde/SuldalFoto.no
1. Alle søknader om kraftutbygging skal sendast aktuelt grendeutval til uttale
2. Kraftverk bør ikkje berøra areal over skoggrensa
3. Søknader om utbygging i landskapsvernområde vil bli frårådde når dei går utover verneformålet.
4. I vatn som fungerar som magasin, bør det berre tillatast ei lita regulering utover tidlegare eller naturleg regulering, til dømes pluss/minus ein meter.
5. Ein må ta særleg omsyn til utforming i område nytta til rekreasjon og fritidsføremål
6. Ein må ta særleg omsyn til utforming i verna vassdrag og i område der kulturlandskap eller naturkvalitetar er viktige.
Vilkår:
1. Det skal til vanleg krevjast minstevassføring slik at ein unngår turrleggjing av vasstrengar, med unnatak av vassdrag som er naturleg turrlagde i lengre periodar i normalår
2. Det skal setjast strenge krav til demping av støy
3. Ein skal så att sår i terrenget med naturleg vegetasjon så langt det let seg gjera