Dyr- og planteliv

Av Vidar Lunde/SuldalFoto.no 

Sist endra 14.08.2015

Dyreliv
 

Det er mye hjort i Drotninghei i vinterhalvåret. Frå å vera nesten tomt for dyr om sommaren, kjem hjorten tilbake i september og oktober. Dei held seg i dei brattaste liene og gjerne mot det høgaste dersom det ikkje vert for mye snø. I april/ mai forsvinn hjorten ut av området til meir attraktive sommarbeiteplassar lenger innetter dalstroka.

Hjorten trives i dei bratte liene frå Suldalslågen og til toppen av Drotninghei om vinteren. - Klikk for stort bileteHjorten trives i dei bratte liene frå Suldalslågen og til toppen av Drotninghei om vinteren. Vidar Lunde/SuldalFoto.no

 

Det hender at elgen tar seg ein tur til Drotninghei frå områda kring Mork, Tveitane og Vinjanuten. Det er helst om vinteren han besøker dei høgaste og ikkje alt for bratte områda der det er mye småvakse furu som han beitar på. Elgen var langt oftare å sjå tidlegare i desse områda, nå er han mest for streifdyr å rekne.

Tidlegare var det også rådyr oppe i Drotningheia. Det kan nok hende at nokre streifdyr tar turen litt opp i høgda frå Ritland eller Grov endå, men det er lenge sida det vart sett dyr eller spor i verneområdet. Kanskje kan det ha å gjere med at det nesten kvart år blir sett spor etter gaupe i Drotningheia eller nære område. Gaupa har svært store revir og vil derfor truleg streife gjennom Drotningheia med ujamne mellomrom.

Av andre rovdyr er det både rev, mår og røyskatt i desse skogane. Av smågnagarar er det mest klatremus, skogmus og markmus. Hare er det lite av, men han finnest der det er litt innslag av lauvskog.

Den einsformige furuskogen gir lite variasjon i fuglelivet. Innslag av lauvskog i enkelte bratte lier og i kanten av verneområdet gjer likevel at det er ganske mange artar her. Blant anna er det observert både flaggspett, kvitryggspett, dvergspett, gråspett og grønspett innafor vernesona. Storfugl og orrfugl finst også, men dei er nokså fåtallige. Det er observert smålom i fleire vatn, og det er eit lite vatn med ein liten holme som heiter Lomatjørn, men det er ikkje registrert hekking dei seinare åra. Både krikkand og stokkand hekkar i nærleiken av vatna.

Av rovfugl streifar både kongeørn og hønsehauk i skogane her, men ingen av dei hekkar innafor verneområdet. Det gjer heller ikkje hubroen, men han er å høyre i nærleiken kvart år.

 

Planteliv


Det meste av naturreservatet består av fattig furuskog. I det rolege landskapet på toppen er det berre furu og svært langt mellom kvart innslag av bjørk. Når landskapet skiftar form og blir brattare, vil andre treslag som bjørk, osp og rogn bli meir dominerande. I slike område aukar det biologiske mangfaldet svært mykje. På lauvtrea veks det mange slag lav, og på bakken finn ein andre typar vekstar enn berre røsslyng og blåbærlyng. Dette fører igjen til fleire insektartar og fleire fugleartar.

I den bratte lia mot Suldalslågen i sør kan ein finne innslag av edellauvskog. Det er mest eik, men også noko hassel som finst her. Desto lenger ned i lia ein kjem, desto meir innslag av desse trea. Eika går likevel ganske høgt opp mot Lødalsfjellet lengst i sørvest.

Lengst i nordaust omkring Raudafjellstølen er det noko granskog. Ei større (men ikkje komplett) registrering av planteartar i Drotninghei blei gjort av Harald Bratli i 1998.

Fann du det du leita etter?