Bjørklund naturreservat

Naturreservatet dekker eit slakkare parti med sammanhengande lausmassar i ei søraustvend li på nordsida av Sandfjorden, 4 km nordaust for Hebnes. Det er 73 daa stort og ligg 120-200 moh.

 

Sist endra 15.12.2015

Produktiv, svært høg- og rettstamma blåbærfuruskog pregar heile området. Kristtorn finst spreidd, i store delar av området med eit nokså regelmessig innslag av 2-3 m høge småtre. - Klikk for stort bileteProduktiv, svært høg- og rettstamma blåbærfuruskog pregar heile området. Kristtorn finst spreidd, i store delar av området med eit nokså regelmessig innslag av 2-3 m høge småtre. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Formålet med vernet er å ta vare på ein av dei større kristtornbestandane som ligg lengst inne i fjordane, og er eit fint døme på kristtorn i furuskog.
 
I Utkast til verneplanen blir området omtalt som høg- og rettstamma blåbærskog, der kristtorn finst spreidd med nokså regelmessig innslag av 2-3 m høge småtre. I eit bekkedråg i sørvest er det meir samanhengande underskog med 2-5 m høge kristtorn. Sørvest for dette søket er det eit mindre areal med beiteeng eller slåtteeng med nokre få store og lauvrike kristtorntre.
 
Traktorvegar avgrensar området på tre kantar, og det er planta ein del gran rundt området.

 

Fann du det du leita etter?