Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Dyraheio landskapsvernområde

Tekst: Alf Odden

Villfjellet var namnet dei første fotturistane gav dette utilgjengelege og ville fjellområdet mellom Suldal og Bykle. Lokalbefolkninga var mindre dramatiske i si namnsetting. For dei hadde område vore staden kor dei kunne spe på matforsyninga med reinsdyrkjøt, og namnet Dyraheio må ha vore eit naturleg val.

Verneområdet har eit samla areal på 307km2 og grensar til Setesdal Vesthei  Ryfylkeheiane  landskapsvernområde.

I denne artikkelserien ser me nærare på dette spennande verneområde aust i Suldal kommune.

Verneområdet skal mellom anna ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur. Bilde er frå Krossvatnet. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Temakart over Dyraheio

Kartet viser verneområde. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  


Tankar om vern alt i 1926

Tanken om at desse fjellområda er særleg verdifulle og bør takast vare på, er gamal. Alt i 1926 har offiseren og kartoppmålaren Kristen Gleditsch ein artikkel i årboka til Stavanger turistforening, kor han foreslår å opprette ein nasjonalpark i desse områda. Gleditch hadde vorte godt kjent i område da han i 1913 og 1915 gjorde oppmålingane til KROKI kartet som mange suldølar ennå kjenner. Han meinte dette urørte området med villrein, rik flora og gode fiskevatn var så verdifullt  og spesielt at det burde takast vare på for ettertida. Gleditch såg føre seg Hellevatnet som sentrum i ein nasjonalpark som strakk seg frå Snønuten i nord til Hovatn i sør, og frå Sletteskurven i aust til Pjåkevassheia i vest.

Reinrose og fjellsmelle. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Slik skulle det ikkje gå, sidan 60-talet har den opphavlege Dyraheio vorte sterkt påverka av store kraftutbyggingar. Likevel, i Dyraheio vi kjenner i dag, finn ein framleis urørte område kor villreinflokkane streifar omkring. Desse siste urørte delane blei oppretta som landskapsvernområde med biotopvern ved kongeleg resolusjon 26.09.1997. I kapittel III i verneføreskrifta heiter det at:


”Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv med m.a. bergjunker, verdifulle stølsområde og beitelandskap, eldre og nyare kulturminne etter støling, heibeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa”.

Eit landskap med store kontrastar

Mykje av Dyraheio er bart fjell, ur og vatn. Eit karrig landskap kor ein sparsam vegetasjon klorar seg fast  der det er mogleg å få feste. Samstundes er dette eit landskap kor kontrastane er store. Felt med næringsrik fyllitt gjer mange fjellsider grøne og frodige, og nokre stader finn ein reine høgfjellsoasar med eit eineståande rikt planteliv. På stadar som Stranddalen, Raudnuten, Meiadalen og Hognsnuten, veks det fleire sjeldne plantar som er ei viktig årsak til at Dyraheio vart verna. 

Dyraheio har ei rekkje flotte stølar. Her frå Skitstøl. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Høgdeforskjellane er og med på å skape eit variert og kontrastfylt landskap. Høgast tronar Snønuten (1604 moh) som er den sjette høgaste toppen i Rogaland, men og Kringlenuten, Leirnuten og Austre Kaldefjell når nesten opp mot 1500 moh. Samstundes omfattar og Dyraheio nokre av dei finaste stølsområda i Rogaland.  Blant desse er den store vide dalen mellom stølane Bleskestadmoen, Klauvskeidmoen og Nystølen.  Stølsområda ved Mostøl og Håvestålen ligg utanfor verneområde, men både dalen nordover med Gaukstøl, Skitstøl og Krokevasstølen, og dalen austover med Jonstøl og Sandvasstølen ligg innanfor. Det gjer og dalen frå Reinskvelven til Nyastølen og indre delen av Prostøldalen. I deler av desse områda finn ein og ein frodig fjellbjørkeskog med nokre innslag av furu.

Det finns fleire relativt store vatn i Dyraheio. Det største av desse er Holmavatnet med eit areal på om lag 4km², men også Steinkilevatnet, Austre Kaldevatnet, Midtvatnet, Kringlevatnet og Vestre Kaldevatnet er relativt store. Dei fleste av vassdraga drenerar vestover enten mot Suldalsvatnet og Suldalslågen eller sørvestover mot Ulla. Unnataket er Austre Kaldevatnet som drenerer austover mot Ormsa og Otra vassdraget. Litt spesielt er det dermed med dei tre vatna Austre Kaldevatnet, Midtvatnet og Kringlevatnet som ligg berre nokre få hundre meter frå kvarandre, men likevel drenerar til tre ulike vassdrag.

Dokument

Aktuelle lenker