Lokale klimautslepp

I 2012 blei Kommunedelplan for klima og energi vedteken i kommunestyret. Kommunen skal bidra til at nasjonale og regionale mål innan klimautslepp, fornybar energi, energiomlegging og klimatilpassing blir nådd.  

Klimautslepp i Suldal har auka i tida mellom 1991 og 2009. CO2 utslepp frå mobile kjelder og metanutslepp frå landbruket utgjer det meste. Pr innbyggjar er utsleppa noe høgare enn landsgjennomsnittet.

 

Sist endra 15.09.2015

 

Store delar av klimautsleppa i Suldal kjem frå mobile kjelder.  - Klikk for stort bileteStore delar av klimautsleppa i Suldal kjem frå mobile kjelder. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Klimautsleppa i Suldal aukar

Målt i CO2-ekvivalentar blei det sloppe 50 600 tonn klimagassar i Suldal i 2009. Mobile kjelder og prosessutslepp er dei største bidragsytarane, mens stasjonær forbrenning frå hushald og industri utgjer små utslepp.

Frå 1991 til 2009 var det ei auke i klimautslepp på 23 prosent.

Gjennomsnittleg utslepp pr person i Suldal var 13,2 tonn CO2-ekvivalentar. I Rogaland er utsleppa 11,8 tonn pr person.

Figur 1. Utslepp av klimagassar i Suldal fordelt på kjelder. Kjelde: SSB - Klikk for stort bileteFigur 1. Utslepp av klimagassar i Suldal fordelt på kjelder. Kjelde: SSB

 

CO2-utslepp frå mobile kjelder aukar

Utslepp frå mobile kjelder omfattar utslepp frå all forbrenning av energivarer knytt til transportmiddel og mobile motorreiskapar.

Frå 1991 til 2009 har CO2 utsleppa frå mobile kjelder nær dobla seg i Suldal. Auka vegtrafikk forklarer noko av dette, men den største utsleppsveksten skjer frå det Statistisk sentralbyrå (SSB) kallar "Andre mobile kjelder". Motorreiskap i industri fell under denne kategorien. Utsleppa skyldes i hovudsak auka aktivitet innan bergverksdrift på Berakvam. Nær 25 % av alle klimautslepp i kommunen er knytt til dette.
 

Prosessutslepp
. - Klikk for stort bilete Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal Prosessutslepp er alle utslepp som ikkje kjem frå forbrenning. I Suldal utgjer utsleppa nær halvparten av alle klimautslepp (2009). Prosessutslepp har vore relativt stabile, sjå figur 1.

Figur 2 visar kjeldene for utsleppa. Som ein kan sjå er det noe utslepp frå avfallsdeponi (metan), men det aller meste kjem frå jordbruk. Metan (CH4) vert danna ved ufullstendig nedbryting av organisk materiale. I landbruket skyldes utsleppa husdyrhald der fordøyingsgassar frå ku og sau utgjer ein stor del, mens gjødselhandtering står for ein mindre del av utsleppa. Kunstgjødsel er ei stor kjelde til utslepp av lystgass (N2O). Utslepp av Metan og lystgass utgjer i 2009 nær like stor del av utsleppa (noe overvekt av metan).


Figur 2: Utslepp av klimagassar i Suldal i 2009, fordelt på kjelde. Kjelde: SSB - Klikk for stort bileteFigur 2: Utslepp av klimagassar i Suldal i 2009, fordelt på kjelde. Kjelde: SSB

Stasjonær forbrenning
Stasjonær forbrenning omfattar utslepp frå all forbrenning av energivarer i ulike typar stasjonære utsleppskjelder. Dette er i hovudsak direktefyrte omnar der energiberar blir nytta til å skaffa varme.

I Suldal utgjer stasjonær forbrenning små utslepp (1200 tonn CO2-ekvivalentar).

Usikkerheit omkring klimatala
Utsleppstala for ein enkelt kommune byggjer på ei fordeling av nasjonal statistikk. Tala er egna til å vise hovudkjelder og trend, så tala for enkelte kjelder og år kan difor vere unøyaktige. SSB skriv:

Tallene for den enkelte kommune er mer usikre enn de nasjonale tallene. Dette skyldes at mange av dataene som ligger til grunn for beregningene ikke kan stedfestes nøyaktig til kommunene, og man må derfor basere seg på antakelser om hvordan aktivitetene, og dermed utslippene, er fordelt. Disse feilkildene kan eksempelvis føre til at det oppstår påfallende endringer fra år til år for en del (særlig mindre) kommuner. Effektene av lokale tiltak i kommunene vil heller ikke alltid komme til syne i statistikken. Tall for den enkelte kommune må derfor brukes med varsomhet.


Kommunen sine mål og tiltak

I mai 2012 blei kommunedelplan for klima og energi 2012-2017 vedteken i kommunestyre. I den heiter det:

Hovudmål:
Klima- og energispørsmål skal gjennomsyre all kommunal planlegging og aktivitet. Kommunen skal bidra til at nasjonale og regionale mål innan klimautslepp, fornybar energi, energiomlegging og klimatilpassing blir nådd.

  • Klimautslepp i Suldal kommune skal stabiliserast på 2009-nivå innan 2017. Dei skal reduserast med 10 % innan 2022.
  • I Suldal kommune skal ein redusere energiforbruk og auke del av alternativ fornybar energi. I kommunale bygg skal energibruk reduserast med minimum 10 % innan 2017, og 20 % innan 2022. Bruk av alternativ fornybar energi skal her aukast til 5 % innan 2017, og 10 % innan 2022.
  • Suldal kommune skal fortsett vera ein stor produsent av vasskraft og vil auke produksjonen på ein berekraftig måte.

Mange og ulike tiltak
For å kunne oppnå desse måla er det i planen omtalt og foreslått ei lang rekkje tiltak. På tvers av måla blir det lagt vekt på kunnskapsbygging og haldningsskapande arbeid. Det blir mellom anna foreslått at kommunen blir del av sertifiseringsordninga Miljøfyrtårn.

Suldal kommune vil i sin plan- og pådrivarrolle arbeida for å redusera klimagassutsleppa. Det er forventa ei auke i utsleppa frå og med 2011 då produksjon og utsleppa frå bergverksdrift blir dobla. Det første målet blir derfor å redusere utsleppa til 2009 nivå. Det blir foreslått tiltak innan arealplanlegging, transportsektoren og landbruket.

Suldal er blant dei største kommunane i landet når det gjeld rein fornybar vasskraftproduksjon. Ein vil fortsett auke denne. Samstundes skal kommunen prioritere energieffektiv drift. Dette bidreg til redusert klimautslepp i nasjonal og global samanheng.

For å kunne nå hovudmåla må det til eit langsiktig og målretta arbeid i alle ledd i den kommunale organisasjonen. I tillegg er det naudsynt med forståing og samarbeid med næringsliv og innbyggjarar. Teknologisk utvikling og statleg verkemiddelbruk vil og vere svært viktig.

 

Mulige tiltak for oss som privatpersonar

Også som enkeltpersonar kan me være med på å bremse dei totale utsleppa av klimagassar. På Klimaløftet.no finn du mange gode råd.

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?