7 Turisme og reiseliv

Sist endra 31.12.2014

I siste halvdel av 1800-talet blomstra turisme opp som ei ny og vesentleg næring, særleg gjennom dalføret frå Sand som følge av "The new inland route" som Stavanger Turistforening marknadsførte. På det meste var det på denne strekninga 8 hotell. Ingen av desse har overlevd, men nokre av bygningane eksisterer i ombygd form med annan bruk.
 
Engelsktida med laksafisket må kunna definerast som turisme, og det er fleire godt bevarte minnesmerke frå denne perioden. Sibthorp sin villa Lindum, oppført i 1885, er eit flott og særmerkt anlegg som i dag er reiselivsbedrift. Hunters tilsvarande på Hiimsmoen likeså, i dag tilhaldstad for rehabilitering, etter ein lang periode som tuberkolosesanatorium. Stiftelsen Hiimsmoenkollektivet utfører omfattande og eksemplarisk bygningsvern på anlegget.

 

Fann du det du leita etter?