Verna og freda bygningar og miljø

Litunet ligg på austsida av  Hylsfjorden. Alle bygningane på garden, bortsett frå eit naust, blei freda etter lov i 1974. - Klikk for stort bileteLitunet ligg på austsida av Hylsfjorden. Alle bygningane på garden, bortsett frå eit naust, blei freda etter lov i 1974. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Sist endra 15.09.2015

 

Kulturminne frå nyare tid

Kulturminne frå nyare tid som er freda etter § 15 i kulturminnelova:

  • Lølandsbua, Løland gnr.82 bnr.3. Einetasjes loft av tømmer med liggjande kledning, rosemalt. Bygd ca.1650.
  • Litunet, Li gnr.18. Fleire bygningar, 12 - 15 i talet
  • Eldhus på Sørstad gnr/bnr 26/2. Bu frå middelalderen, nå eldhus.
  • Loft på Sørstad gnr/bnr 26/2
  • Prestagarden på Jelsa med prestabustadhus, eldhus og borgstova
  • Guggedalsloftet, Kolbeinstveit gnr.36 Les meir hjå Ryfylkemuseet
  • Våningshuset på Kolbeinstveit gnr.36 Les meir hjå Ryfylkemuseet
  • Loft på Øystad gnr.38

 

Verna som museum

  • Husmannsplassen Røynevarden. Fleire hus og tufter (Røynevarslio). Les meir hjå Ryfylkemuseet.
  • Kolbeinstveit gnr.36. Bygdamuseum, 16 bygningar i alt. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
  • Kvednahålo, kvednhusmiljø på Vasshus/Ritland. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
  • Stampa på Kvæstad gnr.2
  • Hålandstunet med våningshus, målarbua, røykstova. gnr.167. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
  • Handelsmuseet i Finnvik gnr.176. Krambu, bustad og sjøhus.
  • Erfjord bygdemuseum, Vik. 3 bygningar. 13 bygningar

Vadmålstampa på Kvæstad i Suldal er ei av dei siste stampene som er bevart her i landet. Den er no del av Ryfylkemuseet. - Klikk for stort bileteVadmålstampa på Kvæstad i Suldal er ei av dei siste stampene som er bevart her i landet. Den er no del av Ryfylkemuseet. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Kyrkjer og kyrkjegardar


Alle kyrkjer og kyrkjegardar frå tida etter reformasjonen (1537) og fram til for 90-100 år sidan er underlagt særskilt vern etter nemnde lov, og skal forvaltast etter rundskriv T-3/2000. Dette inneber restriksjonar når det gjeld ombygging, riving, ny busetnad i nærleiken av kyrkjene og kyrkjegardane m.v.

  • Jelsa kyrkje (1645-47)
  • Sand kyrkje (1853)
  • Suldalskyrkja, Vinjar (1854)
  • Erfjord kyrkje (1877)
  • Nesflaten kapell (1853)

 
Spesialområde

Område regulert til spesialområde for bevaring etter § 25.6 i plan- og bygningslova

  • Jelsa strandstad
  • Nordenden på Sand
  • Kilen på Nesflaten

 

Område verna etter naturvernlova


I Suldal har me åtte verneområder verna etter Lov om naturvern. Seks er naturreservat som er den strengaste verneforma og to er større landskapsvernområde. I dei to landskapsvernområda, Kvanndalen og Dyraheio, er det fleire fornminne. Meir om dette finn du under "Førhistorisk tid" i venstre meny, og under "Naturområde" (Verna natur).

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?