Skiløyper

I Suldal er det gode høve for vinterfriluftsliv. Heia ventar den som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper. Toppar som Snønuten, Skaulen og Såta lokkar. Og mange fleire.

I dag er det imidlertid vanlegare å oppsøke område som er meir tilrettelagd for skigåing. Og heldigvis: I Suldal er det milevis med preparerte skiløyper. 

Sist endra 16.02.2016

På ski i heia nord for Hylsfjorden. - Klikk for stort biletePå ski i heia nord for Hylsfjorden. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Skiløyper og tilbod ved Gullingen/Mosvatnet

 

Nye skispor på veg. - Klikk for stort bileteNye skispor på veg. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Ski og lysløyper
I Mosvatnområdet ved Gullingen blir det preparert skiløyper frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. Dette er løyper for skøyting, klassisk og kvista løyper. Det er to lysløyper, ei ved Mosvatnet og ei i Fjellbergskardet.

Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter over havet og har lang vintersesong med gode snøforhold. Nærare opplysningar om oppkjøyrde skiløyper og snøtilhøve finn du under: 

 

Skileik
For å fremje skiglede og allsidig dugleik på ski satsar Gullingen leirskule på skileik. Saman med Gull-Spor AS preparer leirskulen nær sagt kvar vinterveke skileikeområde ved Gullingen Turissenter. 100 meter frå skileikområdet ligg den flotte Bålstova. Leirskulen bruker huset i undervisninga, men huset er òg ope for ålmenta. Det blir og laga skileikeområde i Breiastølsdalen, særleg i tilknytning til vinter og påskeferie. 

Gullingen skisenter
Gullingen skisenter ligg 800 meter forbi Gullingen Turistsenter. Her finn du eit trekk med 3 nedfartar, varmestue der du kan få deg litt mat. Meir informasjon:

 

Andre område med preparerte løyper

I Hamrabø, på Kleivane (530 moh), er det ei rundløype på 3 km. Den blir kjørt opp med løypemaskin for både klassisk og skøyting. Informasjon om løypa blir fortløpande lagt ut på Facebook.

På Nesflaten (Øvrabø) og i Kjetilstadlia er det lysløyper.

 

 

Start skituren på Ut.no

På Norges beste turteneste finn du fleire forslag til skiturar i kommunen, nedanfor finn du nokre døme. Eller saknar du dine flottaste turmål?  Kanskje kan du eller din organisasjon dele gode turforslag og få dei publisert? 

 

"Ta turen" - på ski

Suldalsposten skriv med meir eller mindre jamne mellomrom om ulike turar i kommunen vår under vignetten "Ta turen". Her er nokre skiturar som idear og inspirasjon: 

 

 

Fann du det du leita etter?