Suldalsvassdraget

Suldalsvassdraget er det mest vassrike på Vestlandet og er eit av dei viktigaste naturelementa i kommunen. Vassdraget er kraftig regulert, men er likevel svært sentral for friluft- og reiseliv. Elva er mest kjent for sin storvokste laks, men har også ein bestand av aure, både sjøaure og brunaure.
 

Landskap med stor verdi

For å finne kjeldene til Suldalsvassdraget må me inn i Valldalen og Vivassdalen på dei sørlege delane av Hardangervidda. Omlag 100 km etter endar elva i den buldrande Sandsfossen. Den er berre 4 meter høg, men likevel eit imponerande syn der Vestlandet si lengste og mest vassrike elv kastar seg ut i den djupe hølen under.

 

Suldalslågen er elvestrekket frå Suldalsvatnet (68 moh) til Sandsfjorden. På den 22 km lange strekninga renn elva stort sett roleg. Berre i Juvet og ved Sandsfossen vert den mektige elva avbroten av større stryk. Gjennom tida har elva saman med isbrear ført med seg store mengder lausmassar og danna store sletter i dalføret. Her finn ein i dag gardar og eit intensivt, men variert jordbrukslandskap. Her er og eit stort utval av synlege og godt bevarte kulturminner. Dette er kverner, tørkehus, stamper, vasshjul, bruer med meir. På begge sider av dalføret finn ein bratte skoglier og fjellsider med markerte toppar. Alt dette skaper eit variert og vakkert natur- og kulturlandskap av stor verdi.

 

Nasjonalt laksevassdrag

For fiskeinteresserte er Suldalslågen kjent som ei storlakselv. Rekordlaksen lyder på 34 kg. Normalt blir det fiska laks på over 20 kg kvart år, men det er ein urovekkjande tendens at det vert fanga mindre storlaks enn før. 

Suldalsvassdraget og Sandsfjorden er av Stortinget vedteke som nasjonalt laksevassdrag og laksefjord.

Turisme og friluftsliv

I tillegg til fiske er kanopadling, rafting og laksesafari andre aktivitetar i Lågen. Det er fleire turistbedrifter som ligg ved, og som er knytt til elva.

Når det gjeld kanopadling blir både Suldalsvatnet og Lågen nytta. I elva er strekninga frå dammen på Osavad til Foss/Kvamen ei fin padlestrekning med både rolege loner og hissige stryk. Juvet og Sandsfossen må ein ikkje padle, desse er livsfarlege.

Flora og fauna

Vekslinga mellom ulike skogstypar og kulturlandskap langs Lågen gjev grunnlag for ein variert fauna. I motsetnad til mange andre større vassdrag i Rogaland, er kantvegetasjonen intakt langs store delar av elvekanten.


Kraftutbygging og vassføring

Suldalsvassdraget er påverka av to større vasskraftutbyggingar: Røldal-Suldal og Ulla-Førre. Uregulert var vassføringa omlag 92 m3/s i årsmiddel, varierande frå 700 i flaumperiodar i nedbørrike år til ned mot 3 m3/sek om vinteren. Etter vasskraftutbygginga har ein gjennomført ulike prøvereglement der vassføringa i Lågen har vore om lag 50 m3/sek om sommaren og om lag 12 m3/sek om vinteren. I 2012 blei det vedteke eit ny vassføring. 

Jordbruk, industri og sur nedbør

Elvelandskapet langs lågen er oppdyrka, ofte heilt ned til elvekanten. Fleire stader er viker og mindre elvelaup fylt igjen for å auka jordbruksarealet. Rydningsstein er somme stader fylt ut i elvekanten noko som gir sår i det elles så vakre landskapet. I det særprega våtmarksområdet Gåsavika på Sand er det er det etablert eit industriområde etter utfylling og bakkeplanering.

Som følgje av sur nedbør, sjøsaltepisodar og naturlege geologiske tilhøve vert Suldalslågen utsett for surt vatn.
Det vert difor tilført kalk i vassdraget.

Verna område

Suldalsvassdraget er sterkt prega av menneskeleg påverknad. Samstundes er nedbørsfeltet så stort at det og er store urørte områder. Fleire av desse er verna:

  • Dei nordlegaste delane av vassdraget ligg i Hardangervidda nasjonalpark (Odda kommune).
  • Kvanndalen og Dyraheio er verna som landskapsvernområde
  • Hamrabøvassdraget, eit sidevassdrag aust for Suldalsvatnet, er verna gjennom verneplan for vassdrag
     

Aktuelle lenker