Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kulturminne

Tekst: Alf Odden

Villreinen i Dyraheio har vore utnytta av menneskje heilt sidan steinalderen. Det er ikkje gjort så gamle funn som frå steinalderen innanfor verneområdet, men funn rett i nærleiken viser at desse fjellområda var tekne i bruk allereie for 7000 år sidan. Det er mellom anna funne spor etter sesongbuplassar ved Storevatnet og Gyvatn rett sør for Blåsjø, ved Holmavatnet og ved Mosvatnet (Gullingen). Alt tydar og på at området vart utnytta på liknande måte i jernalderen. Mellom anna er det funne to pilspissar av jern frå vikingtid i Høgaloftsmarka som ligg rett utanfor vernegrensa. I tillegg er det registrert ei lang rekke med hidlarar, dyregraver og bågåstiller som kan ha ein bruk som strekker seg tilbake til jernalderen. 

Funn av kulturminne visar at det har vore støling ved Prostølen sidan førreformatorisk tid.

 


Kartet viser registrerte arkeologiske kulturminne og bygningar frå før 1900 (SEFRAK). Du kan dra og zoome i kartet. Trykk på symbol om du ønskjer meir informasjon om eit spesielt kulturminne.

 

Det har ikkje vore gjennomført registreringar av kulturminna i tilknyting til stølsdrifta i område, men ut frå registreringar i nærliggande område som Kvilldalsdalen og Kvanndalen, kan einskilte hustufter og kullgroper vere frå mellomalder og jernalder. Dei fleste synlege kulturminna i stølsområda er likevel frå nyare tid.

 

Ferdslevegar og jaktvegar


På kryss og tvers i Dyraheio går det ei lang rekke ulike oppvarda eller nødda stiar. Her vil eit system av små nøddingar og nokre større vardar innimellom, kunne vise riktig veg i det vanskelege fjellterrenget. Ein kan skilje mellom to hovudtypar slike nødda stiar. Den eine kan kallast ferdslevegar og omfattar hovudrutene for ferdsla mellom Setesdalen og Suldal. Dette er stiar som strekker seg frå dal til dal, og som ofte er godt varda på dei vanskelegast plassane. Dei viktigaste av desse var vegen over Meien på ruta mellom Breive og Bleskestad, vegane over Brudle og Saltjørndalen på ruta mellom Vatndalen og Bråtveit, og vegen forbi Breidavad og Såta på ruta mellom Bykle og Kvildal.


I tillegg til ferdslevegane finns det og ei rekke ulike jaktvegar i Dyraheio. Desse går ofte frå ei bygd og inn til gode jaktplassar eller overnattingsstader inne i høgheia. Gode døme på slike jaktvegar er vegane frå Mostøl til Steinkilen og Leirdalen, og vegane frå Kvilldalsdalen til Leirdalen og Breidavad.


Hidlarar og jordhytter

 

Hidlaren ved Øvre Sveigen.

 

Det er registrert over 20 ulike hidlarar innanfor Dyraheio landskapsvernområde. Desse hidlarane har både vorte nytte i samband med ferdsle og jakt, og har truleg ein bruk som strekk seg langt bakover i tid. Hidlarane er framleis godt synlege og nokon få av dei bli til ei viss grad haldne vedlike.

Det finns og seks jordhytter i verneområde. Dette er små bygningar på 5-10m²  med veggar av stein som er delvis grove inn i ein jordbakke. Den eldste av hyttene stod i Slettedalen, men denne har ikkje vore i bruk på svært lenge og murane er berre så vidt synlege.

Leirdalshytta er den eldste vi kjenner det omtrentlege byggeåret på. I følgje tradisjonen skal den være sett opp av Lars Kvitanes i 1810. Denne hytta datt ned på 1930-talet og nå står berre deler av murane att.

Ein veit ikkje nøyaktig kor gamal jordhytta i Breidavad er, men den vart truleg sett opp ein gong på 1850-talet. Dette er den største av jordhyttene i Dyraheio og kan ha plass til seks mann. Hytta blir framleis halden godt vedlike.


Hytta i Grjotdalen vart bygd i 1878 av seks karar frå Kvilldal. Namna deira og byggeåret er skore inn i mønestokken. Denne hytta nyttast framleis av og til i jakta og blir halden ved like.
Jordhytta i Steinkilen vart sett opp i 1896 og bygginga var finansiert av Waldo Sibthorpe på Lindum. Hytta har alltid stått open for jegerar, og eigast nå av Suldal Fjellstyre. Det står og ei jordhytte i Tjørnarebotn.

 

Hytta i Grjotdalen vart bygd i 1878 av seks karar frå Kvildal.

 

Dyregraver

 

Det er registrert fire dyregraver innanfor landskapsvernområde. Det ligg ei grav i nordvestre enden av Hellevatnet lengst sør og aust i verneområde, og tre dyregraver i Krossvatnområde. Både gravene ved Gravetjønn, Nøvlenuttjønna og Hellevatnet er framleis godt synlege, mens den på nordsida av Krossvatn er heilt rasa saman. Ingen av desse dyregravene er aldersbestemte, men undersøkingar av andre graver rett sør for Dyraheio, tyder på ei brukshistorie som strekk seg frå tidleg jernalder og fram mot Svartedauden (ca 200-1350 e.kr).

Dyregravene måtte truleg ha eit regelmessig tilsyn, om ikkje dagleg så minst eit par gonger i veka. Fanga dyr måtte avlivast, slaktast og fraktas bort og nytt kamuflasjedekke måtte leggast over grava. Alt tyder derfor på at gravane vart nytta frå dei gardane som låg nærast eller hadde lettaste vegen. For dyregravene rundt Krossvatn, peikar gardane i Kvilldalsgrenda eller Bråtveitgrenda seg ut som dei mest sannsynlege utgangspunktet for bruken av gravene. Grava ved Hellevatn høyrar truleg saman med fleire andre graver lenger aust i Hellevatnet, Ratevatn og Store Urar, og vart truleg brukt frå gardane ved Vatnedalsvatnet eller Botsvatnet.

Studie av dyregrav ved Nøvlenuttjønna.