Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kulturminne

Tekst: Alf Odden

Viltresssursane i Kvanndalen landskapsvernområde har vore utnytta av menneske heilt sidan steinalderen. Det er ikkje gjort så gamle funn innanfor verneområdet, men funn rett i nærleiken viser at desse fjellområda var tekne i bruk allereie for 7000 år sidan. Det er funne spor etter sesongbuplassar ved store vatn som Vasstølvatnet, Holmavatnet og Ståvatnet så ein skal ikkje sjå bort frå at slike spor kan dukke opp ved Isvatnet og Litlavatnet. Alt tydar og på at området vart utnytta på liknande måte i jernalderen. Heller ikkje frå denne tida har ein sikre funn, men både hidlarar, dyregraver og bogastiller kan ha ein bruk som strekker seg så langt tilbake. Sjølv om det er registrert ein del kulturminne som har samband med jakt og ferdsle, har dei fleste kulturminna i området tilknyting til stølsdrifta. Ein veit ikkje kor langt tilbake i tid stølsdrifta i Kvanndalen strekk seg, men truleg kan einskilte hustufter og kullgroper vera frå mellomalder og jernalder. Dei fleste synlege kulturminna i området er likevel frå nyare tid.

Det er ei rekkje kulturminne i landskapsvernområde. Dei fleste er knytt til støling, men og til viltressursane. Bilde viser ei inntakt dyrgrav på Litledalsflæene.


Kulturminne i Kvanndalen

Kvanndalen vart av mange rekna som den beste stølsdalen i Suldal. Ein kan ennå finne spor etter 10-12 ulike stølar innover dalen, og sjølv om ikkje alle var i drift samtidig vitnar det om ei intensiv utnytting av beiteressursane i dalen.

 

Stølsvollen ved Flesa.

Flesa er den nedste stølen, og ligg på nordvest sida av Kvanndalsdammen. Her står det framleis eit stølshus og to uthus, og stølsvollen er framleis open. Her finst og ei tuft etter ei steinbu frå nyare tid, samt ei eldre tuft og ei rydda flate som kan vere spor etter dyrking.

Takli ligg på austsida av dalen om lag ein kilometer ovanfor Kvanndalsdammen. Her står det ikkje att bygningar etter at eit av husa vart flytta til Svultanuten i 1975. I dag er stølsvollen mest attgrodd med bjørk og vier.

Slåttastølen ligg og på austsida av dalen ein knapp kilometer ovanfor Takli. Her står det inga hus, men det finst to tufter som kan tyde på stølsdrift frå gamalt av.

Hidlerberget ligg på vestsida av dalen to kilometer ovanfor Fleso. Stølshuset datt ned for nokre år sidan, men det er reist ei ny hytte på ein av murane. Bjørk og vierkratt dekker no det meste av den gamle stølsvollen. Det ligg også ei eldre tuft i området. Hidlerberget høyrte til bruket Øvrabø på Nordmork, og det siste året dei støla her var i 1947.

Svultanuten ligg ennå ein kilometer innover dalen og tilhøyrer garden Jordebrekk. Her står det fleire hus som er i god stand. Det eine som blir nytta som jakthytte er det som vart flytta hit frå Takli. Sjølve stølshuset vart opphavleg sett opp på Raudmyr i 1934, men flytta hit seinare. I tillegg kjem turisthytta som vart sett opp av Stavanger turistforening så tidleg som i 1896. Stølsvollen ved Svultanuten er framleis open og er den største i Kvanndalen. Området er rikt på kulturspor og det er mellom anna registrert fleire tufter, to hildlerar, to buplassar, sju røyser, fem kolgroper, samt spor etter dyrking. Det vart støla med geiter på Svultanuten til starten av 1940-åra.

Det vart støla med geiter på Svultanuten til starten av 1940-åra.

Fossaslåtto ligg på austsida av Kvanndalsåna litt innanfor Svultanuten. Her er det ein del opne grassletter innimellom bjørk og virerkratt. Her er det også registrert ei hustuft.

Raudmyr ligg på vestsida av dalen enno eit par kilometer innover dalen. Heller ikkje her står det hus i dag. Det eine stølshuset vart som sagt flytta til Svultanuten og resten av bygningane brann ned i 1950-åra. Rundt Raudmyr er det i tillegg registrert to tufter, to hidlerar, to kolgroper og ein buplass som kan vere så gamal som frå steinalderen. Stølinga her tok slutt i 1940-åra.

Slåttefolket fotograferte med river og børetau på Raumøro (Raudmyr) i 1912. Fra venstre: Brita Dalen, Kari Kalsabø, Gabriel Roalkvam, Odd N. Roalkvam, Mikkel Roalkvam, Åke Bleskestad og Augunn Roalkvam. Det var for øvrig Åke Bleskestad som i 1898 bygde Kvanndalshytta for Stavanger turistforening.

Midtvik ligg også på austsida av Kvanndalsåna ein kilometer lengre inne. Det står ikkje att bygningar, men tufta etter stølshuset syner at dette var bygd opp mot ei stor steinblokk. Det ligg også ein hidler i området. Midtvik tilhøyrte opphavleg til Jordebrekk, men gjekk over til Tufteskog i samband med eit giftemål i 1815. I 1908 vart Midtvik seld vidare til Odd Roalkvam

Jensafita ligg også på vestsida av Kvanndalsåna om lag ein kilometer lengre inn enn Midtvik. I dag står det ei hytte på delar av murane etter eit uvanleg stort stølshus. Stølen tilhøyrte opphavleg Nordmork. I 1844 vart dette stølsbeitet seld til Tufteskog, og i 1908 vart Jensafita kjøpt av Odd Roalkvam som nå eigde store deler av Kvanndalen. Etter kvart sette han i gong stordrift med geiter med utgangspunkt i Jensafita. Nytt stølshus, fjøs og ysteri vart sett opp i 1909 og i to, tre år rundt 1915 var det som mange som 1000 leigegeiter. Dette synte seg å vere i meste laget og førte til overbeiting. Etter kvart vart stølinga redusert til ei årleg drift med om lag 200 leigegeiter. Utover 1930-talet vart også tilgongen på ved eit stadig større problem. Ystinga kravde store mengder brenne, og ein vart nøydt til å frakte ved inn til Jensafita. Dette gjorde til slutt drifta ulønnsam og stølinga vart flytta til Svultanuten. Hovuddelen av stølshuset vart flytta til mellom anna Sandvatn i 1949, mens andre deler vart nytta til å bygge hytta som står der ennå. I dag kan ein sjå mange spor etter denne stordrifta. Murane etter stølshuset, ysteriet og fjøset står der ennå, og oppe i bekken finn ein restar etter ei innretting som utnytta vasskrafta. I området rundt Jensafita er det i tillegg registrert fleire tufter og ein hidlar på austsida av elva.

Det er stilt og roleg rundt Jensafita i dag. Rundt 1915 var det omlag 1000 geiter her, noko som viste seg å vere for mykje.

Bakkalege.

Bakkaleger ligg også på vestsida av dalen om lag halvannen kilometer innafor Jensafeta. I dag står det ikkje hus på Bakkaleger, men ein kan sjå murane etter eit hus og ei inngjerding til husdyr. Huset vart nytta til overnatting i samband med gjeting. Bakkaleger tilhøyrte opphavleg Nordmork, men vart i 1868 seld til Roaldkvam. På Bakkaleger låg også Stavanger turistforeninga si første hytte. I tidsrommet 1888-1898 leigde turistforening eit hus og nytta det som overnattingsstad for fotturistar på ruta mellom Bleskestad og Haukeliseter. Hytta var i dårleg stand og utrustinga var spartansk med tangmadrassar og gjekk ut av bruk da Stavanger turistforening bygde si eiga hytte på Svultanuten i 1898.

Gamlastølen ligg på austsida av dalen ovanfor Bakkaleger. Her kan ein sjå murane etter eit stølshus.

Lengst inn i Kvanndalen ligg det også to relativt gode hidlere. Hidleren ved Bakkaleger ligg på vestsida av dalen under ei stor steinblokk. Den er lun og tørr og har liggeplass til fire mann. Torshidler ligg og på vestsida av dalen eit par kilometer lengre inne og noko høgare. Denne ligg også under ei steinblokk og har plass til tre mann. Torshidler vart truleg nytta i samband med både drifteferdsle og anna ferdsle etter vegen frå Vivik mot Midtleger og Røldal.

 

Kulturminne i høgheia

Kulturminna oppe i høgheia er av ein annan karakter enn dei ein finn nede i Kvanndalen. Her oppe er det kulturminne i samband med jakt og fangst og da særlig dyregravene som er i fleirtal. Den sørlegaste av dyregravene ligg heilt nede ved Litlavatnet inne i Litlevassbotn. Det ligg og ei dyregrav på ei hylle i den bratte skråninga opp mot Djupetjønna. Oppe ved Djupetjønna ligg det også to dyregraver. Ved Litledalsflæene ligg det enda ei dyregrav. Denne er grave ut i ein grusrygg og er uvanleg godt bevart. Innunder Kistenutenden lengst nord i området ligg det to dyregraver. Her ligg det også eit bogestille. Desse har form som ein låg steinmur og vart nytta som skjul i samband med bogejakt etter villrein. Ingen av dyregravene i området er aldersbestemte, men undersøkingar av andre graver i Dyraheio tyder på ei brukshistorie som strekkjer seg frå tidleg jernalder og fram mot svartedauden (ca 200-1350 e.Kr). Dyregravene måtte truleg ha eit regelmessig tilsyn, om ikkje dagleg så minst eit par gonger i veka. Fanga dyr måtte avlivast, slaktast og fraktas bort og nytt kamuflasjedekke måtte leggjast over grava. Alt tyder derfor på at gravene vart nytta frå dei gardane som låg nærast eller hadde lettaste vegen. For dyregravene i Kvanndalen landskapsvernområde peiker gardane i Bleskestadgrenda seg ut som det mest sannsynlege utgangspunktet for bruken av gravene.


Her under Kistenutenden har jegeren låge med pil og bue i sitt bogastille og venta på at dyra skulle krysse elva og komme opp den litle dalen.

Dei fleste dyregraver i heia er samanrast, også denne som ligg under Kistenutenden. Den naturlege staden å gå, både for folk og dyr, er over grava.

Inne i Litlevassbotnen i 1100 moh ligg murane etter eit drifteleger som vart nytta nokre år sist på 1800-talet. Her inne var beitet såpass godt at ein kunne ligge her med drifter i korte periodar. I Litlevassboten ligg det og to hidlere litt oppe i skråninga. Den eine av desse ligg under ei stor steinblokk og er lun og tørr med plass til to mann. Denne vart truleg nytta som overnattingsstad i samband med drifteferdsla.

Isleger ligg på nordsida av Isvatnet. Dette er ei steinbu av noko nyare dato som er grave inn i bakken.

Det går også ein oppvarda gamal drifteveg gjennom området. Denne kjem opp frå Vivik ved Holmavatnet og går vidare over Litledalsflæene før den kryssar Kvanndalen rett nord for Torshilder. Her frå går vegen opp til Kaldevatnet kor den delar seg i to. Ei grein går vidare nordover til Midtleger ved Haukelivegen, mens ei anna grein går austover til Blåbergdalen og Røldal.

 

Aktuelle lenker