Turmål og turstiar

Lang og bratt topptur, rusletur i stølstrakter eller ein kort tur i nærområda. I Suldal er det eit godt utbygd turløypenett, uansett form og alder finn du ein tur som passar!

Lokale turkart

Mange turstiar i nærområda til tettstadene er merka og lagde til rette. Det er utarbeidd kart med utfyllande tekst til kvart område. 

Karta finn du som utskriftsvennlege lenker nedanfor. Du kan og få dei ved å venda deg til kommunen eller turistkontoret. Fleire lokale butikkar har dei også.

Pilegrimsveg

Frå Suldal til Røldal går det ein gamal pilegrimsveg. Vegen er skilta frå Engjaland og over til Botnen.

 

Nutfant/Turfant/Skogstrim

I fleire av bygdene kan du bli Nutfant/Turfant/Skogstrimmar ved å gå til nokre av dei lokale turmåla og skrive namnet inn i ei lita bok. Idrettslag og grender har ulike varianter. 

 

Andre turforslag på UT.NO

Frå Førland

På Norges beste turteneste, Ut.no, finn du ei rekke turforslag frå alle delar av kommunen. Eller saknar du dine flottaste turmål?  Kanskje kan du eller din organisasjon dele gode turforslag og få dei publisert? 

 

Sjå og:

 

Toppen er nådd