Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Foldøy verneområde

Dette området er eit av mange sjøfugl-reservat i Ryfylkebassenget. Det består av eit fuglefredingsområde på Foldøy, Steganeset (48da på land + 125da i sjø), og naturrreservat på nærliggjande holmer, Tjuvholmen og Klumpholmen (32da).
Det blei verna i 1984 for å ta vare på fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø, og alle planter og andre dyr som er ein naturleg del av området. 

Frå Foldøy fuglefredningsområde. Steganeset og Tjuvholmen naturreservat.

 
Kartet viser verneområdet. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart". 

 

Ei rekke måkearter, makrell- og rødnebbterne, grågås og nokre arter av ender hekker i området. Talet på hekkefugl har svinga mykje. Årsaka til dette er ikkje kjent, men kan skuldast fleire faktorar som t.d. mink.


Det er ferdselsresriksjonar i verneområda.

Frå vernereglane

  • Vegetasjon er freda mot skade og øydelegging
  • Fugl og deire reir og egg er freda mot all skade, øydelegging og uroing
  • Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode frå og med 1. mars t.o.m. 1. september.
  • Hund må ikkje sleppast i jaktforbods-perioden
  • Tiltak som kan endra dei naturlege leveområda kan ikkje gjennomførast
  • Beiting og gjødsling og fiske for yrkesfiskarar er tillatt

I naturreservata gjeld i tillegg:

  • Pattedyr er freda
  • I tida frå 15. april til og med 1. august er det forbode å gå i land og ferdast i reservata.
  • Camping m.v. og oppsetting kamuflasje o.l. er forbode

 

Aktuelle lenker