Planteliv

Tekst: Alf Odden

Plantelivet i Dyraheio landskapsvernområde er variert, og talet på ulike karplantar som veks her er relativt høgt. Over store deler av område er vegetasjonen skrinn og relativt artfattig, men  finnes og område med ein heilt eineståande frodigheit og artsrikdom. 

I fyllittområda vil ein mange stadar finne såkalla reinroseheier Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Ein viktig årsak til den store variasjonen i vegetasjonen ligg i den skiftande  berggrunnen. I tillegg kjem også dei variasjonane som naturleg følgjer med ulik høgde over havet, snødekke og tilgang på livd og sollys. Dette medførar at både varmekrevjande låglandsplanter og typiske fjellplantar veks innanfor Dyraheio landskapsvernområde.  Ein annan årsak til den store variasjonen skyldast at Dyraheio ligg i ei overgangssone mellom kystklima og innlandsklima. Dermed opptrer typiske vestlege artar som rome, bjønnkam og blåknapp, saman med austlege artar som søterot og turt.

 

Bjørkeskogane i Dyraheio er ikkje særleg næringskrevjande. Bilde er teke like under tregrensa i Kjetilstaddalen. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Fjellbjørkeskogen

Dei lågareliggande delane av Dyraheio, som til dømes rundt Bleskestadmoen og dalføret mellom Jonstøl og Skitstøl, er dominert av ein såkalla sub-alpin bjørkeskog. Tregrensa ligg normalt mellom 800-850, men der kor lokalklimaet er særleg gunstig kan tregrensa nå opp til om lag 900 moh. Dette finn ein døme på mellom anna i den vestvendte sida opp mot Raudnuten og i den sørvendte lia opp mot Havrenosnibba.  Under om lag 700 moh finn ein og ein del innslag av furuskog på dei tørraste stadene. Ved Nystølen finn ein og nokre mindre felt med planta gran.

Bjørkeskogane i Dyraheio er ikkje særleg næringskrevjande, og bjørka har til vanleg følje med ulike vierartar og lyngartar, gullris, små marimjelle og grasartar som smyle og sølvbunke. Bregnar som fjellburkne, smørtelg og hengjeveng er og vanlege. På litt fuktige stader kan bjørkeskogen vere dominert av skrubbær og blåtopp. Sjølv om fjellbjørkeskogen stort sett er fattig, finn ein og nokre stader kor sigevatn og god tilgang på næring gjev grunnlag for ein rikare vegetasjonstype. I slike høgstaudekratt vil ein i tillegg til vierartar finne ei rekkje store og iaugefallande urter. Dette vil særleg dreie seg om turt, kvitsoleie, vendelrot, mjødurt, kvitbladtistel, fjelltistel, sløkje, raud jonsokblom og skogstorkenebb. I tillegg vil en som regel finne sølvbunke, skogrørkvein, fjellburkne og smørtelg.

 

Over myra i Reinskvelven. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Myr

Det finns ein del mindre myrområde i Dyraheio. Desse er lokalisert under eller like over tregrensa. Høgare oppe i heia går både planteproduksjonen og nedbrytinga ennå saktare, og her blir det blir ikkje danna myr. Dei fleste myrane finn ein i gryta mellom Nystølen, Bleskestadmoen og Klauvskeidmoen, mens den største myra ligg i Reinskvelven. Det er og ein del myrar rundt Krokevasstølen og i område rundt Jonstøl. Desse myrene er i hovudsak fattige starrmyrer kor karplantar som tranestarr, blankstarr, flaskestarr, myrsnelle og duskull er vanlege. Her vil ein også ofte finne artar som molte og blåtopp.  Det veks og fleire ulika artar torvmose i desse myrene.

Vegetasjonen rundt stølane er i endring. Bilde er teke ved Gaukstøl. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Stølsvollar

På dei mange stølsvollene i dei lågareliggande delane av Dyraheio, dominerast vegetasjonen av det som på fagspråket kallast sekundære grasheier. Namnet kjem av at vegetasjonen opphavleg har vore ein annan, men at lange tider med vedhogst, slått og beite har fortrengt desse artane. Samstundes som denne verksemda har favorisert ei lang rekke gras og starrartar. Stølsvollane dominerast no av artar som sølvbunke, finnskjegg, gulaks, engrapp og engkvein, samt seterfrytle, kornstarr og stivstarr. Andre plantar som fjellmarikåpe, engsyre, tepperot og harerug er også vanlege på stølsvollane. Utanfor sjølve stølsvollane er det vel berre i Grasdalen at ein finn liknande grasheier. Her inne har det ikkje vore støling eller slått, men beitinga i samband med mellom anna drifteferdsla har vore relativt omfattande.


I løpet av 1950-talet vart det heilt slutt på stølsdrifta i Dyraheio. Når stølsdrifta opphørte var og vedhogsten sterkt redusert. Slåtten haldt fram noko lengre. Talet på beitedyr har også gått jamt nedover. Dei sekundære grasheiane som oppstod på grunn av kulturpåverknad vil derfor truleg sakte forsvinne no som denne påverknaden mest er borte. Dette kan ein alt sjå tydelege teikn på.  På fuktige stader et vierkratta seg innover stølsvollane, mens der det er tørrare er bjørkeskogen på veg tilbake. Mange stader veks det og tette kratt med brakje i utkanten av stølsvollane. 

Lågalpin sone

Når ein kjem over tregrensa får forma på landskapet mykje meir å si for plantelivet. Avblesne og tørre rabbar vil få ein type vegetasjon, skråningar og søkk der snøen ligg lenger vil få ein annan. I tillegg vil vegetasjonen også variere med tilgongen på næring. I Dyraheio strekker den lågalpine sona seg frå tregrensa ved om lag 850 moh, og opp dit kor blåbæra ikkje lengre veks i samanhengande bestandar ved om lag 1050-1100 moh.

Fjelltjæreblom langs turistlinja over Grasdalsheia. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Fattige område

Fattige lyngheiar er ein svært vanleg vegetasjonstype i Dyraheio. På dei vêrharde rabbene vil særleg artar som rypebær, grepplyng og krekling trivast, men også artar som stivstarr, rabbesiv og smyle er vanlige saman med både skogstjerne og ulike svever. I skråningar kor det ligg litt meir snø er det blåbæra som dominerar saman med mellom anna blålyng, blokkebær og dvergbjørk. Her vil det også vekse fleire gras og blomsterplanter som smyle, gullris og skogstjerne.

Det varierte landskapet i Dyraheio førar til at det finns svært mange søkk og forseinkingar kor snøen ligg lenge utover våren. Desse snøleiane vil likevel variere mykje i utsjånad. Der kor snøen ligg lengst vil ein finne musøre som den dominerande arten. Her vil ein også finne dvergråurt, trefingerurt, stivstarr og smyle. Dersom desse snøleia blir skikkeleg våte vil ein også få innslag av fuktkrevjande arter som stjernesildre, engmjølke, fjellsyre og fjellskrinneblom. Der kor det er tørrare og snøen ikkje ligg like lenge vil det utvikle seg grassnøleier. Her veks til vanleg finnskjegg, bjønnskjegg, smyle og stivstarr, som og kan få følgje av blåbær og blokkebær. Der det er mykje ur vil ein få bregnesnøleier med mykje fjellburkne eller hestespreng.

Rike område

Ein viktig grunn til at Dyraheio landskapsvernområde vart  oppretta er det uvanleg rike plantelivet. Ved fleire lokalitetar gjev den næringsrike fylitten grunnlag for eit stort artsmangfald og mange næringskrevjande fjellplanter. Den mest kjente lokaliteten er Stranddalen, men andre lokalitetar som Hongsnuten, Raudnuten, Meiadalen og Kvelven har mykje av det same artsmangfaldet. Stranddalen er kanskje særleg kjent for den relativt store førekomsten av bergjunker. Bergjunker er ein nær slektning av sildrearten bergfrue, og i tillegg til nokon lokalitetar i Ryfylkeheiane, veks denne berre tre stader i Nordland og Troms innanfor Noreg sine grenser. Utover dei nemnte lokalitetane finns det og område med rikt planteliv mellom anna i sørskråningen opp frå Øvre Moen, ved Turtagrøet nordvest for Breidavad og lengst aust i Krossvatn.
 

Vern av bergjunker er nemnt særskilt som viktig i verneforskriftene. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Mange av lokalitetane omfattar bratte skråningar kor næringsrikt sigevatn gjev grunnlag for små oasar med næringskrevjande fjellplanter. Gulsildre er ein svært vanleg art i slike rike sig. Elles er også artar som rynkevier, flekkmure, jåblom, dvergjamne, sotstarr og hårstarr vanlege. I tillegg vil også mange høgstauder trivast på desse stadene. Det vil mellom anna dreie seg om kvitbladtistel, fjelltistel, skogstorkenebb og raud jonsokblom.

Bergveronika finn ein i dei rike fylittområda. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Stader der det ikkje er like vått, men framleis godt med næring vil ein mange stader i fyllittområda finne så kalla reinroseheier der det veks tette bestandar av reinrose.  I tillegg finn ein også andre næringskrevjande arter som raudsildre, bergfrue, bergjunker, norsk vintergrønn, rynkevier, snøsøte, flekkmure, fjellbakkestjerne, bergveronika, rosenrot, kvitkurle  og hårstarr, samt nokre mindre kravstore artar som tyttebær, kattefot og rabbesiv.

Høghei og toppar

Dei delane av Dyraheio som ligg høgare enn om lag 1100 moh, tilhørar mellom alpin sone. Her vil store områder være dominert av lyngartar som krekling, grepplyng, med innslag av blokkebær, blåbær og fjellbjørk på litt lunare stader. Rabbesiv, stivstarr, musøre, finnskjegg og smyle er også vanlege artar. Forutan at blåbær blir sjeldan, karakteriserast mellomalpin sone av at vegetasjonen ikkje er like samanhengande og eit aukande innslag av gras og lavartar. Når ein kjem opp på dei høgaste toppane blir desse trekka ved mellomalpin sone svært tydelege. Her er større områder utan særleg vegetasjon og innslaget av lav er tydeleg. Av karplanter som veks på dei høgaste toppane kan ein nemna  stivstarr, rabbesiv, sauesvingel, grepplyng og krekkling.

 

Artar på kart