Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Dyreliv

Tekst: Alf Odden

Det er eit rikt og variert dyreliv i Kvanndalen landskapsvernområde, sjølv om det neppe skil seg vesentlig frå det ein finn elles i Ryfylkeheiane. Samanlikna med til dømes Dyraheio landskapsvernområde er likevel variasjonen større på grunn av innslaget av den meir artsrike fjellbjørkeskogen ein finn i Kvanndalen.

Villrein kan ein treffa på i landskapsvernområde heile året. Mange fangstanlegg viser at dyret har vore ettertrakta i lang tid.

 

Dyr- og fugleliv i fjellbjørkeskogen


Av hjortedyr kan ein råka på både elg og hjort. Beitetilhøva er gode og det er ein fast bestand av begge artane i dalen. Elles er gnagarfamilien representert med hare og fleire artar med smågnagar. Når det gjeld rovdyr har både raudrev, mink, røyskatt og snømus fast tilhald i Kvanndalen. Det er aure i Kvanndalsåna frå Bakkaleger og heile vegen ned til Kvanndalsdammen

Ein kan høyre blåstrupen synge i Kvanndalen.

Det er eit rikt fugleliv i bjørkeskogen i Kvanndalen. Både orrfugl og lirype held til i liene og det er bestandar av både svarttrost, måltrost, gråtrost, raudvingetrost og ringtrost, kor særlig dei tre siste er talrike. Talrike er også ei rekke mindre sporvefuglar som lauvsongar, heipiplerke, steinskvett, bjørkefink, bokfink, kjøttmeis og granmeis, men ein vil også kunne treffe på artar som blåmeis, raudstjert, sivsporv , raudstrupe og blåstrupe. Blåstrupe er ein sjeldan art i Rogaland, men her i Kvanndalen har fleire par tilhald. Det finst og linerle i dalen og da særlig i samband med stølane. Gauk er også vanleg i området ettersom fleire av dei vanlegaste vertsfuglane er tilstades. Av vadefuglar er rugde eit fast innslag og strandsnipa er vanleg langs Kvanndalsåna. I Kvanndalsåna har også fleire par med fossekall fast tilhald. I skogsområda i Kvanndalen er dvergfalk den vanlegaste rovfuglen å sjå.


Dyr- og fugleliv i høgheia


Villrein er nok det mest kjente pattedyret i Kvanndalen landskapsvernområde. Ein kan møte villrein til dei fleste årstider og av og til i store flokkar. Det går også fleire viktige trekkvegar i området. Lengst nord i Kvanndalen trekker villreinen nord for Djupetjørn og Kvanndalstjønn og ned i Kvanndalen. Eit anna trekk går ved foten av Kistenutenden, sørover Ståvassdalen og vidare over Litledalsflæene.

Elg kan ein av og til også møte på oppe i høgheia. Dette er dyr som er på trekk mellom Kvanndalen og dei næraste skogsområda i Vinje og Bykle. Hare og raudrev er dyr som også er vanlege over tregrensa, og det same gjeld for røyskatt og snømus. Lemen er også eit dyr med fast tilhald i høgheia. Bestanden varierer mykje med regelmessige toppar kvart tredje eller fjerde år. I slike smågnagarår har rovdyr og rovfugl god tilgang på mat og kan fostre opp store ungekull. Eit meir sjeldan innslag i faunaen er jerv. Den ynglar ikkje i området, men streifdyr kjem innom med jamne mellomrom. Tidlegare hadde fjellrev også tilhald i område, men sidan 70-talet har det knapt vorte sett fjellrev nær Kvanndalen.

Det er gode bestandar med aure i Isvatnet, Djupetjønna, Litlavatnet og Tverråna. Det finns også aure i fleire av dei mindre vatna på Litledalsflæene.

Fuglelivet i dei høgareliggande delane av Kvanndalen landskapsvernområde er i hovudsak som andre stader i høgheia. Vanlege artar er fjellrype, ravn, heipiplerke, steinskvett, snøsporv og fjæreplytt, mens strandlo, heilo og boltit er meir sjeldne. Langs vatn og vassdrag er strandsnipa vanleg, mens fossekallen er å finne i Tverråna sør for Litlavatnet. Av rovfugl kan ein oppleve både fjellvåk, kongeørn, tårnfalk og jaktfalk i området. I gode smågnagarår kan bestanden av fjellvåk vere ganske tett.

Boltit er ein heller fåtallig hekkefugl i Rogaland. Ein av stadane den er å sjå er på Litledalsflæene.

 

Artar på kart