Hytter på statsallmenningen
Fjellstyret disponerer fire hytter som blir utleigde. Det ligg to i Steinkilen, og ein kvar i
Grotdalsneset og i Breiavad. Alle hyttene er godt utstyrte med propan, ved, solcellepanel,
service etc.
Fiske
Statsallmenningen har fleire gode fiskevatn, mellom anna Kringlevatnet, Krossvatnet og Gravetjørn. Det må løysast fiskekort. Dette kan du gjere online på Inatur.no.
For Blåsjø blir det selt eige kort som gjeld heile den statseigde del av vatnet.
På statsallmenningen finst det ein del småvilt. Det er særleg rypa som er attraktiv, men her finst både hare, rev og andre mindre rovdyr som er jaktbare. Det er ikkje lov å jakta med hund. Du kan kjøpe jaktkort mellom anna online på Inatur.no.